INNGÅR SAMARBEID: Hugin Musikkforum og Årdal kommune har inngått eit samarbeid der dei saman skal prøve å skape meir liv i kulturhuset i Årdal. Arne Hovland og Terje Svori er glad for å ha fått på plass samarbeidet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INNGÅR SAMARBEID: Hugin Musikkforum og Årdal kommune har inngått eit samarbeid der dei saman skal prøve å skape meir liv i kulturhuset i Årdal. Arne Hovland og Terje Svori er glad for å ha fått på plass samarbeidet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Hugin og kommunen skal samarbeide om å få artistar til Årdal

Hugin Musikkforum og Årdal kommune har inngått eit samarbeid som dei håpar vil gi minnerike konsertopplevingar for bygdefolket.

Årdal: Avtalen inneberer at den ideelle organisasjonen, som står for arrangement som Påskerock, skal arrangere fire konsertar i 2017. 

Skulle det gå med underskot, har kommunen sagt seg villig til å dekke inn dette underskotet med inntil 100.000 kroner. Første artist er allereie klar. Tysdag vart billettane til Odd Nordstoga, som kjem til Årdal i mars, lagt ut for sal. 

– Hugin har hatt eit ønske om å skape aktivitet i kulturhuset, og då først og fremst i vekedagane. Ein har rockescena på Bakeriet, men det er lite som skjer i kulturhuset. Då er intimkonsertar midt i blinken, seier leiar i organisasjonen, Terje Svori.

Utnytte artiststraumen til Sogndal

Med studentstaden Sogndal berre ein time unna, er planen å utnytte seg av nettopp det. Dagen før Nordstoga spelar i Årdal, står han på scena i Sogndal i samband med Vekao. 

– Me ser me har moglegheit til å bidra til at huset vert meir brukt. Difor tok me kontakt for å få til eit samarbeid, der kommunen tek på seg eit økonomisk ansvar. Målet er fire konsertar i år, og så skal me gjere opp status mot slutten av året, legg Svori til, noko Arne Hovland i kommunen tykkjer er strålande.

– Me har ikkje kapasitet til å gjere noko sånt. Me er ikkje profesjonelle nok, så at dei ønskjer å stille opp med dei verkeleg er gode på, er positivt for oss, og så skal me stille opp med midlar og backe dei, seier han.

Vinn-vinn-vinn

Hovland meiner det er ein vinn-vinn-vinn-situasjon her, der både Hugin, kommunen og bygdefolket kjem godt ut. Han er glad for meir aktivitet i huset.

– Kultur er eit kommunalt ansvar, og så kan ein spørje om det har vore godt nok ivaretatt. Me har gjort mykje på bygningane, men ikkje vore flinke nok til å ivareta dei som skal driva med, for å seie det forsiktig, meiner han.

Må jobbe aktivt

Etter ombygginga har bruken frå Hugin si side gått noko ned, seier Svori. Tidlegare kunne huset brukast til fleire aktivitetar. I dag har det til dømes ikkje scene, men det har ein no fått erstatning i på Bakeriet. 

– Eg føler kanskje at det var fleire som besøkte bygda før, men med stadig fleire plassar å spele i fylket, skal det litt til for at dei noterer ned Årdal på turnélista. Difor er det viktig å ha nokon som jobbar aktivt med å få dei hit, seier Svori. 

– No har me målsetting om fire konsertar, og det trur eg me greier. I tillegg har du karane på Bakeriet som har sine kommersielle arrangement i helgene med Eva Weel Skram som den neste.

Til toppen