MEST LESTE: Hugsar du desse? Dette er nokre av dei mest leste plussakene i 2018.
MEST LESTE: Hugsar du desse? Dette er nokre av dei mest leste plussakene i 2018. (Kollasje: Arkiv)

Hugsar du desse? Sjå lista over dei mest leste plussakene i 2018

Over 750 lesarar abonnerer no på Porten Pluss, noko me er veldig takksame for.

Indre Sogn: Me i Porten.no tykkjer det har vore kjekt å få moglegheita til å tilby lesarane våre dei gode historiane, samt saker som går meir i djupna sidan me lanserte betalingsmuren i oktober.

Me har difor samla saman eit tilbakeblikk over dei 13 mest leste plussakene frå 2018.

1. Næringsloggen

Spaltesatsinga Næringsloggen, som syner rørslene i næringslivet i regionen, får kvar veke gode lesartal. Konkursopningar i Luster, datakonkurs i Leikanger er den mest leste plussaka med over 4400 lesarar. 

2. Erle (23) har gjort barndomsdraumen om til røynd

OPNA B&B I LUSTER: Erle Fjøsne Skartun skal opna Lustrafjorden Bed & Breakfast i barndomsheimen på Ottane i Luster til våren. Foto: Linda Watten

I november kom nyheita om Erle Fjøsne Skartun, som skal opna Lustrafjorden Bed & Breakfast i barndomsheimen på Ottane i Luster. Denne vart lese av over 4000. 

3. Arkitektkontoret 4B har ordrelistene fulle 

For arkitektane i Sogndal vart 2017 ein einaste opptur. Bak suksessen står damer med sterke meiningar, som meiner det viktigaste er å har det kjekt på jobb.

4. Nedlegginga av Leikebutikken i Øvre Årdal

I slutten av oktober vart det kjent at Leikebutikken måtte stenga dørene. Dagleg leiar Britt Heggestad fortalte Porten.no at ho var letta og at ho hadde ikkje fått teke ut løn eller sove om nettene den siste tida. Les meir her

5. 25 år gamle Marte starta bedrift i Sogndal 

STARTA BEDRIFT: Marte Nordgård Fossland frå Stjørdal starta i 2017 selskapet Ember Logistikk i Sogndal. Foto: Ådne Dyrnesli

Marte Nordgård Fossland frå Stjørdal i Trøndelag starta i 2017 selskapet Ember Logistikk i Sogndal. Dette til trass for at ho berre hadde vore innom Sogndal på ski og kjende nokre folk frå studietida som budde der. 

6. Julepynten til Lisa (34) og døtrene er litt utanom det vanlege

I desember kunne innbyggjarane i Øvre Årdal fryda seg over juleutstillinga i hagen til Lisa Tikkanen. Der blant anna ein fem meter høg julenisse og blinkande ljos stod på utstilling for forbigåande. – Me må late barnet i oss leva, det er viktig, sa Tikkanen. 

7. Flyktningar kan få gratis førarkort i Lærdal

I desember vedtok politikarane i Lærdal at flyktningar som oppfylte visse krav, kunne få dekka litt av kostnadane til å ta førarkortet for bil, eller få det heilt gratis. Dette var det mange av lesarane våre som reagerte på.

8. Katastrofesesong i Lærdalselvi kan i verste fall stenga elva

I 2018 vart det berre fanga 1,7 tonn laks i Lærdalselvi, ein femtedel av 2016 då det vart landa 8,3 tonn laks i den berømte elva. – Utviklinga er ikkje bra. Det er alarmerande, utan tvil. Tala er tydelege, sa leiar Ola Petter Bøe i Lærdal elveeigarlag, då. 

9. Senterleiaren i Årdal fortvila over julehandelen

UNG SENTERLEIAR: Anna Margreta Rønning (20) gjekk i november inn i rolla som senterleiar for Årdalsenteret. Foto: Liv Einemo Tønjum/Porten.no

Anna Margreta Rønning, gjekk inn i senterleiarrolla ved Årdalsenteret for fullt i november. Ho fortvilte over nedgangen i julehandelen på heile -9% sidan 2017. – Julehandelen lokalt må ta seg opp, elles veit eg ikkje kva me skal gjera dei neste åra, sa ho då. 

10. Marta (18) tok minnetatovering til ære for pappa

For snart fire år sidan mista Marta Brun Vigdal pappaen sin til sjukdom. I november fekk ho eit minne om han foreviga på kroppen sin. I dødsannonsa stod sitatet frå favorittfilmen hans Blade Runner: «All these moments will be lost in time like tears in rain».

11.  Designdraumen til Linda gjekk i oppfylling

I fjor slutta Linda Olsen i fast jobb for å satsa alt på designbedrifta Atche&Co. No har ho fått 100.000 i støtte til oppstartsfasen.

12. Etter 25 år bestemte Nina Selseng seg for å selja brunosten ho lagar

På Selseng Gardsysteri kokar dei brunosten på ei vedfyrt grue og med mjølk frå eigne geiter. Det har vorte populært. – Eg har kokt til venner og bekjente i alle år. No fann eg ut at det var på tide å nå vidare ut, sa Selseng då.

13. Maritha (23) har busett seg eit steinkast frå barndomsheimen

Maritha Tønjum Skjerdal er nyleg ferdigutdanna sjukepleiar og har allereie kjøpt, pussa opp og flytta inn i eit hus saman med sambuaren sin, 200 meter frå barndomsheimen i Lærdal. 

Til toppen