Årdal: I industrikommunen Årdal starta 1. mai-feiringa med eit smell. Fleire smell, for å vera nøyaktig.
Først ljoma dei mellom fjella i Øvre Årdal då Olav Birger Hæreid fyrte av salutten på slaget klokka 07.00. Så ein time seinare sørga same mann for at òg tangingane bråvakna.
Begge plassane starta feiringa med flaggheising og gudsteneste, før det var tid for 1. mai-toget. Stortingsrepresentant Anniken Huitfelt (Ap) gjekk saman med ordførar Arild Ingar Lægreid, og heldt òg appell både på Årdalstangen og i Øvre Årdal.
– Det er ei ære å å bli invitert til Årdal, det er som å bli invitert til Eidsvoll 17. mai. Det var her arbeidarrørsla starta, seier ho.
– Viktigare enn nokosinne
Det blir kalla kampdagen til arbeidarrørsla, men det er òg ei feiring av alt det dei fagorganiserte har oppnådd. Likevel meiner Huitfelt at dagen ikkje har mista relevans etter dei historiske sigrane.
– Denne dagen er viktigare enn nokosinne, for me ser no at forskjellane aukar. Det skjer usosiale kutt og ikkje det blir ikkje gjort nok for å halda medlemsskapen i fagorganisasjonane oppe. Når den går ned, så blir det større lønsforskjellar, seier Huitfelt.
I år er det spesielt kravet om rettvis pensjon som engasjerer henne, at folk skal få rett til å starta å spara til tenestepensjon frå første krone dei tener.
Løfta fram stemme frå Årdal
I appellen snakka Huitfelt òg om Ronja Breisnes, Utøya-overlevande frå Årdal, som i ein kronikk i NRK skapte nasjonal merksemd då ho tok oppgjer med det omstridde Facebook-innlegget til Sylvi Listhaug i mars.
– Det var det mest delte innlegget den dagen, og fortel om hatet og aggresjonen som ord kan skapa, seier Huitfelt.