UHELDIG BLANDING: Humanetisk forbund tykkjer det er uheldig at kyrkjevalet og offentlege val går samstundes.
UHELDIG BLANDING: Humanetisk forbund tykkjer det er uheldig at kyrkjevalet og offentlege val går samstundes. (Foto: Jan Christian Jerving/arkiv)

MEININGAR

Humanetisk forbund: – Blandinga i tid av kyrkjevalet og offentlige val er eit døme på at me ikkje er heilt i mål

– Sjølv blant medlemmene i Den norske kyrkja er dei truande i mindretal, skriv Wiggo Hustad, som meiner det er feil å gje eitt trussamfunn forrang framfor andre.

Meiningar: Før kommunevalet vil over 3 millionar nordmenn få eit valkort til kyrkjevalet i posten. Det er fordi kyrkjevalet vert avvikla samstundes med kommunevalet.

Human-Etisk Forbund meiner det er feil at ein på denne måten gir inntrykk av at eitt trussamfunn har forrang framfor andre, og at kyrkjevalet har noko med offentlege val å gjera.

KRITISK: – I 2012 vart bandet mellom kyrkje og stat losna, men blandinga i tid av kyrkjevalet og offentlige val er eit døme på at me ikkje er heilt i mål, skriv Wiggo Hustad.

Munter statistikk

Å få kyrkjevalkort er en påminning om at du er medlem av Den norske kyrkja. Svært mange er passive medlemmer, som sjeldan eller aldri bruker kyrkja. Mange trur heller ikkje på Gud, sjølv blant medlemmene i Den norske kyrkja er dei truande i mindretal.

I ei undersøking gjort blant medlemmane i Borg Bispedømme (Østfold og store delar av Akershus), svarte berre 1 av 3 at dei trur på Gud.

Mange som har fått kyrkjevalkort har aldri blitt døypte eller innmelde i kyrkja. Det skuldast at då statskyrkja skulle oppretta eit digitalt medlemsregister på slutten av 90-talet, fekk dei lov til å ta ein kopi av heile folkeregisteret. Trass freistnader på å fjerna innbyggjarar som truleg ikkje var medlemmer, er det i dag mange som framleis er oppførte i registeret.

Lov å melda seg ut

I meir enn 60 år har Human-Etisk Forbund kjempa for at alle skal ha fridom til å velja sjølv. Difor har me arbeidd for at staten skal representera alle borgarar uavhengig av tru og livssyn, og ikkje ta parti med ein utvald religion.

I 2012 vart bandet mellom kyrkje og stat losna, men blandinga i tid av kyrkjevalet og offentlige val er eit døme på at me ikkje er heilt i mål.

I desse valtider, med både kyrkjeval og kommuneval, ønsker me å minna alle om at kva livssynssamfunn, om noko, du vil vera medlem av, óg er ditt individuelle val. Om du meiner du ikkje høyrer heime i medlemsregisteret til Den norske kyrkja, kan du velja utmelding i samband med valet.

Til toppen