Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Arkiv)

Hund død i Årdal, kan ikkje bekrefta samanheng med hundesjukdom

Sundag døydde ein hund i Årdal.

Årdal: Sundag ettermiddag døydde ein hund i Årdal. Det var først misstanke om at dødsfallet hang saman med hundesjukdomen som har tatt liv av fleire hundar i Noreg.

Det er ikkje bekrefta at dødsfallet heng saman med sjukdommen. 

Veterinær ved Veterinærvakta i Årdal, Lærdal og Aurland, seier følgjande: 

– Eg kan ikke bekrefta eller avkrefta noko.

Det har per no ikkje lukkast Porten.no å nå Veterinærinstituttet for kommentar.  

Til toppen