Hundeliv i Seimsdalen

Hundeliv i Seimsdalen

I helga har Spanielklubben i Sogn og Fjordane arrangert «Rallylydighet» i Ridehallen i Seimsdalen. 

Seimsdalen: – Me har hatt ei fantastisk helg, og fått veldig mykje skryt, smiler leiar Inger Handegård.

Arrangementet har funne stad både laurdag og søndag, og det har vore 50 deltakarar kvar dag. Dei som har vore med, har kome frå ulike stader i landet.

– Dette er det første rallylydighet-stemnet klubben har arrangert. Og me valde å ha det her i Seimsdalen fordi det utan tvil er den beste hallen å arrangera slikt i i Indre Sogn, seier Handegård til Porten.no 

Sjå fleire bilete om du klikkar deg inn på våre galleri som ligg øvst oppe på Porten.no. Klikk deg inn på "Teneste", deretter "Bilete".

Artikkelen held fram under biletet.

GODE TILBAKEMELDINGAR: Inger Handegård og Laila Røneid er blant pådrivarane i Spanielklubben i Sogn og Fjordane.
GODE TILBAKEMELDINGAR: Inger Handegård og Laila Røneid er blant pådrivarane i Spanielklubben i Sogn og Fjordane.

Ny sport i Noreg

Ho fortel at Rallylydighet er ein ganske så ny sport i Noreg, då den offisielt vart godkjent i 2013.

– Det handlar i hovedsak om at berre lydighet er for strengt og kjedeleg tykkjer eg. Dette har eg skrive mykje om, seier Handegård, som er godkjent Rallyinstruktør.

Ho forklarar at rallylydighet er ein meir lausreven type hundesport, der det også handlar mykje om eit positivt kroppsspråk og positivt samarbeid mellom hund og eigar. 

– I tillegg brukar ein heile bana, det kan gå fort, og det er spennande. Mottoet vårt er "Glede, samspel og haldningar".

Artikkelen held fram under biletet.

FERSK SPORT: Det er første gongen Spanielklubben i Sogn og Fjordane arrangerer Rallylydighet, og staden vart Ridehallen i Seimsdalen.
FERSK SPORT: Det er første gongen Spanielklubben i Sogn og Fjordane arrangerer Rallylydighet, og staden vart Ridehallen i Seimsdalen.

Berre gode tilbakemeldingar

Handegard er svært godt nøgd med stemnet, og har berre fått positive tilbakemeldingar.  

– Eg er jo mykje saman med Laila Røneid som er ein stor pådrivar i Årdal saman med Lars Gunnar Røneid og Kjetil Haug, seier ho.

Laila Røneid og Inger Handegård vil rosa fleire i Årdal som har gjort at helga har vorte vellukka. 

– Ei spesiell takk til Årdal Hundeklubb som har lånt oss utstyr, og til Tangen Kjøre-og Rideklubb som har lete oss leiga hallen, seier dei til Porten.no

Dei rosar også tilsette ved Klingenberg Hotel, Kiwi på Årdalstangen og Kiwi i Øvre Årdal.

– Ei slik helg vil me satsa på å arrangera kvar haust, seier dei to damene bestemte.

Artikkelen held fram under biletet.

BESTE I KLASSE TO: Frå venstre Inger Handegård vart nummer to, og Laila Røneid i midten vann klasse to. Bak står dommar for helga, Kirsti Kahrs.
BESTE I KLASSE TO: Frå venstre Inger Handegård vart nummer to, og Laila Røneid i midten vann klasse to. Bak står dommar for helga, Kirsti Kahrs.

Kvalitet på hundane

Det er anerkjente Kirsti Kahrs som har vore dommar i helga. Ho skryt av kvaliteten på hundande som har vore med i helga. 

Det var høve til å stilla i mange ulike klassar, alt frå nybyrjar-klassa til elite. Alle deltakarane fekk premie. Dei tre beste i kvar klasse fekk rosett og fire kilo hundefôr.

Resultatliste Rallylydigheitstevne Årdal – 24. og 25. oktober

Laurdag 24. oktober

Klasse 1

1. Christine Lilleskare med Kurotora's Topas (Hollandsk Gjeterhund)
2. Linn Didriksen Solsvik med Hedda (Dachshund strihår)
3. Jane Nybø Torgersen med Rosita (Mellompuddel)

Klasse 2

1. Inger Handegård med NVCH RL1 Desperados Finnwin (Engelsk Springer Spaniel)
2. Laila Irene Røneid med NSeVCH BH Desperados Zelda (Engelsk Springer Spaniel)
3. Marie Hesjedal med BH Flint (Border collie)

Klasse 3 

1. Lene Brandal med Lux (Pyreneisk gjeterhund med korthåret hode)
2. Marit Jæger med Aic (Border Collie)
3. Mary Ann Nord med INT NORD UCH DKV-13 Czaruso Rapp (Mudi)

Elite

1. Tommy Haukeland med Minipina´s Damn Good n Ready (Staffordshire Bull Terrier)
2. Trude Jacobsen med Chaos (Border Collie)
3. Tommy Haukeland med Minipina´s Cesar Copycat (Staffordshire Bull Terrier)

Søndag 25. oktober

Klasse 1

1. Helga Buvik  med Scott (Blanding)
2. Mona Nyløy med Smedhaugens New Years Eve (Shetland sheepdog)
3. Kathrine Bjelland med Samira (Blanding)

Klasse 2

1. Laila Irene Røneid med NSeVCH BH Desperados Zelda (Engelsk Springer Spaniel)
2. Inger Handegård med NVCH RL1 Desperados Finnwin (Engelsk Springer Spaniel)
3. Marie Hesjedal med NVCH BH AD Lochaline's Magic Lantern (Engelsk Springer Spaniel)

Klasse 3

1. Lene Brandal med Lux (Pyreneisk gjeterhund med korthåret hode)
2. Henny Margrethe Hansen med NUCH Cafridas Pacific Pennsylvania Peace (Berner Sennenhund)
3. Mary Ann Nord med INT NORD UCH DKV-13 Czaruso Rapp(Mudi)

Elite

1. Tommy Haukeland med Minipina´s Cesar Copycat (Staffordshire Bull Terrier)
2. Inger Handegård med NRLCH NVCH BH Desperados Xmilla (Engelsk Springer Spaniel)
3. Inger Handegård med NUCH NVCH BH Desperados Aya (Engelsk Springer Spaniel)

Til toppen