SAKNA: Eitt år og tre månader gamle Iitha er sakna etter ho stakk av på fjelltur i Øvre Årdal. No ønskjer eigar Harald Rivedal tips.
SAKNA: Eitt år og tre månader gamle Iitha er sakna etter ho stakk av på fjelltur i Øvre Årdal. No ønskjer eigar Harald Rivedal tips. (Foto: Privat)

Hunden Iitha stakk av på tur i Årdal – funnen etter tre dagar

Eigar Harald Rivedal var på tur i Rausdalen med hunden då ho plutseleg forsvann. Oppdatering: nokre timar etter at saka blei publisert, kom den gledelege meldinga om at hunden er komen til rette. 

Årdal: På laurdag gjekk Rivedal tur med den eitt år og tre månader gamle hunden, av rasen norsk grå elghund. 

– Ho gjekk med oss oppover. Me sette oss ned og drakk kaffi på vegen, då låg ho mellom oss. Plutseleg var ho vekke, seier han. 

– Har leitt og leitt

Rivedal og turfølgjet hadde gått frå 400-meteren og innover. Sidan laurdag har han saman med andre leita i området kring Rausdalen og Modalen etter tips frå nokon som høyrde ho bjeffa på dyr.

ELGHUND: Iitha er av rasen norsk grå elghund og er eitt år og tre månader gamal. Illustrasjonsfoto: Wikipedia / Creative Commons

– Eg reknar med ho har kome borti sporet av dyr. Men eg var oppe på kvelden og leitte etter ho. Då stod berre elgen att. Men han kan ha reist og ho etter, seier Rivedal. 

Han held fram: 

– Eg er bekymra for ho. Me veit såpass mykje om hundar, at dersom dei har tilgang til vatn, så klarar dei seg. Men går ho for nære kan elgen kan han sparka ho ihjel.

Ønskjer tips

Harald har hatt tre hundar av rasen elghund, to grå og ein svart. Iitha er den siste i rekka, og skil seg ut frå dei to andre. 

– Ho er ikkje av dei mest lydige, ho er skikkelig sta. Dei to andre kom når eg ropte på dei, noko ho ikkje alltid gjer, seier han. 

Han fortel at Iitha er snill og veldig glad i folk, ho kan vera litt sky om nokon skulle prøva å få tak i henne. 

– Eg håpar nokon har sett ho eller høyrt ho. Det er uvant å ikkje ha hunden heime, seier Rivedal. 

Har du tips om kvar Iitha kan befinna seg? Då kan du ta kontakt med Harald Rivedal på mob. 900 42 229 eller tips@porten.no.

Til toppen