Indre Sogn: Mattilsynet avdeling Sunnfjord og Sogn har fått inn meldingar om ein hund som har omkomme av akutt blodig diaré. Det melder Bergens Tidende.
Tidlegare denne veka vart det kjent at ein mystisk hundesjukdom har ført til at hundar frå heile landet har døydd. Veterinærinstituttet har endå ikkje klart å slå fast kva slags sjukdom det er.
Veterinærvakt i Årdal, Aurland og Lærdal, Ingrid Hval, hadde ein pasient som døydde av blodig diaré førre veke. Tilfellet blei først meldt inn som eit dødsfall med ukjent årsak, men då nyheita om sjukdommen dukka opp i media, sette ho det i samanheng. Det er ikkje påvist om det er same sjukdom.
– Eg har hatt ein pasient som døydde av dette her for litt over ei veke sidan. Hunden hadde blodig diaré, og så døydde den, sa Hval til avisa.
Mattilsynet i Sunnfjord og Sogn jobbar no med å innhenta meir informasjon, og skal melde det til Mattilsynet nasjonalt i løpet av dagen, opplyser BT.