Oslo: Etter at hundesjukdomen braut ut i august, råda Mattilsynet hundeeigarar til å unngå nærkonktakt med andre hundar på tur, blant andre ting.
No tydar Mattilsynet si kartlegging av sjukdomen på at den ikkje smittar lett mellom hundar. Dei opphevar difor rådet om å begrensa nærkontakt.
Mattilsynet og Veterinærinstituttet melder om at dei no får inn få meldingar om hundar med blodig diaré frå veterinærar. Det er også klart at alle sjukdomstilfella ikkje kan setjast i samanheng med kvar andre.
Mange av dei meldte sjukdomstilfella er frå nokre fylke på Østlandet, der hundetettleiken også er stor. Veterinærinstituttet og Mattilsynet meinar at fleire hundar i dette området ville ha blitt sjuke dersom dette hadde vore ein sjukdom som smitta effektivt mellom hundar.
- Les òg: Hundesjukdom meldt inn i Sogn og Fjordane
- Les òg: Hundesjukdomen: Mattilsynet utelukkar harepest, flått og rottegift
Ikkje éin konkret fellesnemnar
Informasjonen Mattilsynet har motteke frå den samla kartlegginga med veterinærinstituttet, er at i dei fleste tilfellene med bustadar med fleire hundar, har berre éin blitt sjuk.
Vidare reknar veterinærinstituttet at det er usannsynleg at det er éin konkret fellesnemnar mellom alle sjukdomstilfellene.
"Det understrekes at utviklingen av sykdom sannsynligvis er det som kalles multifaktoriell, som betyr at sykdomsutviklingen skyldes flere sammenfallende faktorer. Noen av tilfellene kan også ha andre årsaker og ikke være en del av det vi oppfatter som et utbrudd", heiter det i ei oppdatering torsdag kveld.