Sogn: Tilfellene er frå Sogn og Fjordane, Buskerud, Trøndelag, Aust-Agder, Møre og Romsdal og Akershus.
Mattilsynet har nyleg sendt ut ein spørjeundersøking til veterinærar landet over, men strekar under at dei nye tilfellene er ikkje er i samband med dette. Dei ventar derimot fleire svar på undersøkinga i dagane framover.
Følgjer fleire spor
Mattilsynet samarbeidar med Veterinærinstituttet arbeidet med å finna årsaka til den mystiske hundesjukdomen.
Dei har klart å utelukka fleire sjukdommar som miltbrann, harepest (tularemi), bakteriene Campylobacter og Salmonella, for å nemne nokre.
Førebels viser resultat frå spørjeundersøkinga per 13. september, at det har vore 102 tilfeller med blodig diaré sidan 1.august. Det er framleis ingen fellestrekk mellom sjuke hundar i forhold til alder, rase, fôr, kontakt med andre hundar eller område.
Veterinærinstituttet har hittil obdusert 14 hunder, som alle visar same teikn på blodig tarmbetennelse. Bakterien Providencia alcalifaciens har blitt påvist hos til saman elleve hundar. Bakterien Clostridium perfringens har også blitt påvist hjå fleire av hundane. Men per no kan det stadfestast at dette er årsaka til symptoma.