
Leikanger: Den amerikanske nyheitsnettstaden Mashable har ifølgje eigne tal 45 millionar lesarar i månaden og blir følgt av 28 millionar menneske på sosiale medium. Her handlar det om klikk, delingar og konstante forsøk på å skape det neste store internettfenomenet.
Akkurat no, viss du scrollar litt ned på sida deira, finn du eitt slikt forsøk. Under ein fengjande tittel har dei samla eit knippe historiske bilete frå Sogn på 1900-talet, tatt av den først emigrerte, så heimflytta sogndølen Nils Olsson Reppen.
I skrivande stund har artikkelen blitt delt over fire og eit halvt tusen gonger, fjerde mest av alle artiklane på framsida.
– Fylkesarkivet gjer ein fantastisk jobb med bilete og det er utruleg artig at det blir lagt merke til. Mashable er ein stor mediaktør og det er veldig mange som les dei postane, seier Ingvild Ramstad, informasjonssjef i fylkeskommunen.
Nedst i artikkelen kan du sjå eit utval av bileta, som alle her henta frå det rikhaldige arkivet til Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Ho fortel at det ikkje er første gong den amerikanske nettstaden viser interesse for fylkesarkivet. Tidlegare i haust laga dei ein artikkel om handfarga turistfotografi frå Vestlandet, òg dei frå 1900-talet.
– At gamle bilete frå Sogn og Fjordane nærast blir eit viralt fenomen, det synst vi er kjempemoro, seier Ramstad.
På Flickr, ei nettside for deling av bilete, har fylkesarkivet ein eigen konto som er vel verdt å bla gjennom, spesielt om du har litt ekstra god tid. All merksemda, ikkje minst frå deletenesta sjølv, har gjort at fylkesarkivet på det meste har fått over hundre tusen sidevisingar på èin dag.
– Merksemda blir veldig stor. Vi får mange fleire klikk enn det vi i fylkeskommunen er vande til, seier Ramstad.



i Sogn og Fjordane.



