STØTTAR OPP: Hydro har sjølv industriproduksjon i regnskogen, og fredag føremiddag overleverte fabrikksjef ved Årdal Metallverk, Egil Fredriksen, ein sjekk pålydande kr. 100.000,- til aksjonskomiteen i Årdal. Om ei veke går TV-aksjonen av stabelen der formålet er å bevare regnskogen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
STØTTAR OPP: Hydro har sjølv industriproduksjon i regnskogen, og fredag føremiddag overleverte fabrikksjef ved Årdal Metallverk, Egil Fredriksen, ein sjekk pålydande kr. 100.000,- til aksjonskomiteen i Årdal. Om ei veke går TV-aksjonen av stabelen der formålet er å bevare regnskogen. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Hundre tusen Hydro-kroner til regnskogen

Fabrikksjef ved Årdal Metallverk, Egil Fredriksen, har med eigne auge sett kor mykje industriproduksjon kan øydelegge regnskogen. 

For nokre år sidan var han i Singapore og fekk sjølv kjenne konsekvensane av at Indonesia sette fyr på regnskogen der. 

– Eg kunne kjenne svilukta over alt, seier Fredriksen. 

Då fabrikksjefen møtte Årdal sin lokale innsamlingskomitè til årets TV-aksjon fredag føremiddag, var han klar på at industri ikkje skal bidra til slike naturøydeleggelsar. Under møtet overleverte Fredriksen ein sjekk pålydande hundre tusen kroner til regnskogfondet som er mottakar av årets TV-aksjon.

– Me er veldig glad for at dykk bidreg, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal, leiar for aksjonskomiteen i Årdal. Ho håpar at dette inspirerar fleire i det lokale næringslivet til å delta i innsamlingsaksjonen. 

Industri i jungelen

Hydro nyttar seg av råmaterialar frå regnskogen, og driv blant anna med gruvedrift i Amasonas. Her hentar dei ut bauksitt, eit mineral som ligg lagvis omlag 15 meter under stein og leire. 

– Den jorda som vert fjerna for å kome ned til bauksitten, vert behandla på eit gartneri og planta attende på dei same områda det vart gravd opp, seier Fredriksen.

Han påpeikar at Hydro har fokus på å få regnskogen attende til det opprinnelege, samstundes som dei får henta ut det viktige råstoffet til aluminiumsproduksjon.

Hollevik Brandsdal meiner at måten Hydro nyttar seg av naturressursane i regnskogen på, samt ryddar opp etter seg, syner at bedriften tek ansvar. 

– Dei gjer inngrep i naturen, for deretter å byggje det opp att, seier ho. 

Friviljug innsats

Aksjonskomiteen i Årdal består av eldsjeler som ynskjer å bidra med friviljug innsats. 

– Me set pris på innsatsen til dei friviljuge, det er gull verdt, seier Hollevik Brandsdal. 

I tillegg til sjølve innsamlingsaksjonen med bøsseberarar, vil Årdal Mottakssenter ha kulturkafè dagen før TV-aksjonen, der inntektene går direkte til regnskogfondet via aksjonen. Dette vart også gjort i fjor med stor suksess, og leiaren i aksjonskomiteen er glad for å ha mottakssenteret med på laget. 

Bøsseberarar

Hittil har 17 personar meldt seg på som bøsseberar på Årdalstangen, og 37 i Øvre Årdal. Det betyr at over ei veke før innsamlingsaksjonen går av stabelen, har komiteen allereie fått dekt halvparten av behovet for bøsseberarar.

Hollevik Brandsdal oppmodar framleis folk til å melde seg på, då dei totalt treng 53 personar i Øvre Årdal og 33 personar på Årdalstangen. 

På Årdalstangen skal bøsseberarane hente ut bøssene torsdag og fredag før TV-aksjonen, medan i Øvre Årdal skal bøssene hentast på søndag, på aksjonsdagen, i klubbhuset  til Jotun etter klokka 16.00. 

 

Til toppen