PRAKTISK LÆRING: Celine Farnes Oksnes (7) testar korleis brannslangen fungerer.
PRAKTISK LÆRING: Celine Farnes Oksnes (7) testar korleis brannslangen fungerer.

Hundrevis av ungar møtte opp for å vera brannkonstabel for ein dag

Det lokale brannvesenet hadde ingen problem med å lokka ungane til open dag på stasjonen. Neste veke er det dei vaksne dei skal prøva å rekruttera.

Sogndal: Laurdag var det open dag på alle fem brannstasjonane til Sogn Brann og Redning. I Sogndal hadde fleire hundre møtt opp, men same opplegg i Gaupne, Balestrand, Vik og på Leikanger.

 DEBUT: Preben Farnes Solbakken (12) fekk for første gong prøva å sitta i ein brannbil.

– Det er så moro å sjå kor interesserte og ungane er. Det har vore ein fantastisk dag, Geir Ove Sva overbrannmeistar.

Målet med dagen var å retta søkjelyset på branntryggleik. 

– Når ungane byrjar å spørja foreldra, så skjer det noko i hovuda til dei vaksne òg, trur Sva.

Preben Farnes Solbakken (12) frå Kaupanger var ein av dei som fekk oppleva å sitta i ein brannbil for første gong. Han ser ikkje vekk frå at han ein dag kjem til å sitta der som brannkonstabel på veg til eit oppdrag.

– Det verkar spanande. Det blir noko anna enn det vanlege liv, seier han.

KJEKK DAG: Overbrannmeistar Geir Ove Sva sette pris på at så mange tok turen innom stasjonen i Sogndal.

Blålys og sirener framleis populære

På brannstasjonen fekk ungane testa kunnskapen i eit rebusløp, dei fekk testa sirena og anna utstyr, og møta dei som jobbar i brannvesenet.

– Eg likar å vera her. Det er gøy å sløkka brannar, seier Celine Farnes Oksnes (9) som mellom anna fekk testa kor treffsikker ho er med slangen.

 Oppmøtet i helga viser at yrket framleis er populært for dei yngre generasjonane. På stasjonen vrimla det av ungar i raude hjelmar .

– Eg trur det har gått ut rundt tre hundre hjelmar her i dag, så det har blitt tre hundre ny brannhove her i Sogndal, seier Sva.

– Kva trur du gjer yrket ditt så populært? 

SUPERHELT: Sjølv med superkrefter kan det vera utfordrande å klatra ut av ein brannbil.

– Eg trur det er noko med spaninga, blålysa og sirenene, som verkar tiltrekkande. Det er eit givande yrke å jobba i, seier Sva.

Skal rekruttera dei vaksne neste veke

Laurdagen var det ungane som stod i sentrum. Neste veke er det dei vaksne dei skal prøva å lokka med seg.

Då er det nemleg invitert til rekrutteringskveldar ved alle brannstasjonane.

– Me har fått bra respons når me har gjort dette før, men me er likevel spente no neste veke. Viss folk er interesserte, og har lyst til å vera med i brannvesenet, så er det berre å møta opp, seier Sva.

Han seier at kandidatane bør vera i grei fysisk form, utan at dei treng å vera toppidrettsutøvarar.

– Og så må du ikkje vera redd for å trø til, for du blir utsett for ein del i dette yrket. Men det går bra, me er mange flotte kollegaer som støttar opp. Me er ein flott og stor familie, seier Sva.

KØ: Å prøva brannslangane var populært. Ein hjelm hadde blitt hengt opp slik at ungane hadde noko å sikta på.
Til toppen