TROLSK: Blåberggruvene i Årdal er eit populært turmål, men sjeldan har det vore så mange der oppe samstundes som i helga. Den første konserten i Fjelljom-rekka vart ein suksess. (Bilde: Ådne Dyrnesli)

Hundrevis let seg lokka til konsert med spektakulære rammer

Sjølv om dei fann både gull, sølv og kopar her på 1700-talet, vart Blåberggruvene i Årdal aldri nokon økonomisk suksess. Som konsertarena, derimot, fungerer dei framifrå.

Årdal: Sundag fekk mellom 250 og 300 frammøtte ei magisk konsertoppleving i dei nedlagde kopargruvene over Øvre Årdal.

Sjølv om konserten var gratis, hadde ikkje arrangørane venta at så mange skulle ta turen.

– Me er griseimponerte. Spesielt sundagen etter Målrock-helga, då er det ikkje for gitt at folk karrar seg opp på fjella, seier Ellen Løvhaug Harrison, som var vokalist under konserten. 

MAGISK: Ellen Løvhaug Harrison tykte det å opptre i ei nedlagt gruve var ei magisk oppleving. Foto: Ådne Dyrnesli

Med seg hadde ho Karl Seglem på bukkehorn og saksofon, Ketil Thorbjørnsen på gitar og vokal, Øyvind Aga på trommer og Eivind Lægreid på bass, medan Solbjørg Kvålshaugen las dikt.

Takkar publikum for oppmøtet

Det krev litt meir enn vanleg å arrangera konsert i ei gruve fleire hundre meter over havet, ikkje minst når instrument og utstyr skal fraktast på plass. Den tyngste børa var eit straumaggregat på over 30 kilo.

Då betyr det ekstra mykje når publikum responderer.

– Me er takknemmelege og nøgde. Det viser at folk set pris på at ein prøver å dra i gong denne typen arrangement, seier Harrison.

Dette er den første av forhåpentlegvis fleire liknande konsertar i naturen rundt Årdal. Konseptet dei ønskjer å utvikla har fått namnet Fjelljom.

Kan bli årleg hending

Stader som Finnsåsen, Paradisjuvet og Bøttejuvet er moglege kandidatar for framtidige opplevingar.

– Held det fram som dette, så har eg tru på at dette kan bli ei årleg greie. Musikarane var òg veldig nøgde, både med oppmøtet og med å få spela på ein slik plass. Det gjev ei oppleving ulikt alt anna, seier Harrison.

På 1700-talet var Blåberggruvene ei av fleire kopargruver i Årdal. Om ikkje gruvedrifta vart nokon suksess, håpar arrangørane at dei kan ha skote gullfuglen med naturkonsertane. 

– Eg trur du blir prega av at du er ute i naturen, musikken rører ved deg på ein litt annan måte. Du høyrer vinden, og regnet rett utanfor, du har gått opp og blitt litt sliten. Det blir ei eiga ro, seier Harrison.

Til toppen