SVARAR: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp), seier at han har forståing for at folk reagerer på vedtaket om at flyktningar skal få gratis førarkort.
SVARAR: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp), seier at han har forståing for at folk reagerer på vedtaket om at flyktningar skal få gratis førarkort. (Kollasje: Arkiv / Skjermbilde Facebook)

Hundrevis reagerte på førarkortvedtaket i Lærdal, slik svarar kommunen

Det har kome over 200 kommentarar på sosiale medium etter vedtaket førre veke. Dei fleste var kritiske til avgjerda.

Lærdal: Formannskapen i Lærdal har vedteke at flyktningar i kommunen skal få hjelp til å skaffa førarkort. Einslege forsørgjarar får det gratis, andre får dekka 75 prosent av utgiftene. 

Sidan har det storma i kommentarfelta på sosiale medium, og hundrevis har ytra si meining om saka på Porten.no si Facebook-side.

«Forskjellsbehandling og rasisme» 

Av dei vel 200 kommentarane var det nokre reaksjonar som gjekk att. 

Fleire meinte at dette var urettferdig og forskjellsbehandling av innbyggjarane i Lærdal. Dei påpeika at det er fleire ressurssvake lærdøler som ikkje har råd til å ta førarkortet. 

Ein annan kommenterte at dette vedtaket kunne skapa rasisme, misunnelse og eit negativt syn på flyktningar i bygda.  

Skjermbilde: Facebook
Skjermbilde: Facebook
Skjermbilde: Facebook
Skjermbilde: Facebook

Kriteriar for å få førarkort

  •  Einslege forsørgjarar får dette førarkort 100 %, andre flyktningar får dekka 75% av kostnadene.
  • Alle må oppfylle desse kriteriane for å få førarkort: 

-Dokumentasjon av bestått eksamen på norsk nivå A1.
- Dokumentasjon av bestått teoriprøve
- Søkaren må sende skriftleg søknad om dekking av utgifter til førarkort
- All utbetaling vert overført direkte til køyreskulen
- Ved fråflytting frå Lærdal kommune før integreringsperioden er over blir kostnadene gjort om til rentefritt sosiallån.

  • Vedtaket om gratis førarkort til flyktningar trer i kraft etter handsaming i kommunestyret 13 desember. 

Ordførar skjønar at folk reagerer

Porten.no har tatt kritikken frå innbyggjarane til kommunen. Ordførar Jan Geir Solheim seier at han forstår at folk reagerer på vedtaket. 

Fleire er kritiske til at norske skattepengar, til trass for at dei er øyremerka, blir brukt til dette.

– Skattepengane som er skatta inn til eit flyktningefond, skal bli brukt til flyktningar. Så dei brukast rett i Lærdal, det er min kommentar. Det er ikkje slik at me kan ta dei pengane ut og bruka dei på andre enn flyktningar. Flyktningar har ein heilt eigen status. Dersom me hadde gjort noko anna, hadde det vore grunn til kritikk, seier han.

Nokre meiner det er feilprioritering og at tiltaket heller kan vera for unge ressurssvake nordmenn som ikkje har råd til førarkort. 

– Det eksisterer ordningar gjennom NAV som gagnar norske ressurssvake ungdommar. Me kan ikkje bruka desse pengane til det. Dei er øyremerka til bruk på flyktningar, seier ordføraren.

Lesarar er redd tiltaket kan ha motsett verknad

Målet med vedtaket er integrering, men fleire har ytra at tiltaket kan ha motsett verknad.

  Skjermbilde: Facebook

Ein skriv at han skjønar at intensjonen bak vedtaket er god og at det er nærast umogleg å ha jobb i distrikt-Noreg utan førarkort.

Han spør likevel om det heller burde vore ei låneordning og skriv at «tilskot til ei gruppe menneske framfor ei anna kan også vera uheldig for integreringa.»

I ein annan kommentar skriv Kari Nordrum følgjande: 

«Slike tiltak skaper rasisme. Dersom flyktningene får gratis førerkort så må dei etnisk norske ungdomane òg få. Forskjellsbehandling er ikkje bra.»

Treng førarkort for å pendla til jobb i nabokommunar

Ordføraren er ueinig i kommentaren og seier at dette er eit førebyggjande tiltak for at flyktningar skal klara seg sjølve og ta del i samfunnet. 

Han meiner det vil kosta meir å late vera, slik at flyktningane ikkje får læra språk eller komma i arbeid.

– Då blir dei i verste fall ikkje i stand til å jobba, dei får psykiske problem og treng hjelp. Det vil kosta meir i form av til dømes trygdepengar. Dét skapar rasisme og hat, seier Solheim og legg til:

– Det er rett og slett spørsmål om me skal førebyggja eller om me skal bruka pengane på å reparera. Dei som meiner i mot, får berre meina at å reparere er betre, men det er både dyrare og dummare. 

Nokre lesarar spurte kva som stoppa flyktningar i å flytta til byane etter dei har fått førarkort.

– Eg har snakka med mange av dei flyktningane det gjeld, og dei seier dei ønskjer å halde fram med å bu i Lærdal, men dei er ikkje i den posisjonen at dei kanskje ikkje klarar å skaffa seg jobb i Lærdal, men i Aurland eller Årdal. Og då må dei pendla, og då treng dei førarkort.

Til toppen