IS PÅ NASJONALDAGEN: Alle barnlege sjeler vil ha is på 17. mai. Her er ein rask og morosam variant. FOTO: Carl Martin NordbyPOPP, POPP: Ferdigkjøpt er ikkje lov, dette skal du gjera heim. FOTO: Carl Martin Nordby /
IS PÅ NASJONALDAGEN: Alle barnlege sjeler vil ha is på 17. mai. Her er ein rask og morosam variant. FOTO: Carl Martin NordbyPOPP, POPP: Ferdigkjøpt er ikkje lov, dette skal du gjera heim. FOTO: Carl Martin Nordby /

Hurra, vi skal ha dessert!

Glede og fridom er to ord som skildrar både 17. mai-feiringa og denne desserten ganske godt.

POPP, POPP: Ferdigkjøpt er ikkje lov, dette skal du gjera heim.
POPP, POPP: Ferdigkjøpt er ikkje lov, dette skal du gjera heim.

På 17. mai skal maten vera lettvint, men god. Du vil helst sleppa å stå to timar og sveitta på kjøkkenet mens barnetoget marsjerer forbi ein stad der ute.

Denne desserten er akkurat så lynrask og leikande lett å laga som dagen krev. Men sjølv om han er enkel, er han velkomponert: Popkornet er sprøtt, søtt og salt, med andre ord eit perfekt følgje til vaniljeisen. Frå mosa bringebær får desserten syre, og sjokoladesmaken kjem frå hakka Smarties.

Finn den beste, og dermed truleg dyraste, vaniljeisen i frysedisken. Her heng pris og kvalitet tett saman. Ekte vanilje har ein utruleg god, aromatisk, søtleg smak. Vaniljefrøa frå vaniljestonga gjev isen små svarte prikkar. Desse prikkane gjer det lett å skilja «vaniljeis» med vaniljearoma frå is laga med ekte vaniljestong. Er isen i tillegg gulaktig, er sjansen stor for at han inneheld eggeplommer, noko som også er heilt i samsvar med oppskrifta på god vaniljeis.

Isen held gjerne 20 minusgrader når han kjem rett frå frysaren. Så viss du vil ha fine kuler, eller vil unngå at den fine sølvskeia blir bøygd når gjestene skal forsyna seg, er det lurt å setja isen i kjøleskapet til «tining» minst ein time før de skal eta. Set ein berre isboksen på kjøkkenbenken, tinar han i kantane, mens han stadig er like hard inni.

Artikkelen held fram under biletet

KJAPT: Mos bringebæra raskt saman med sukker.
KJAPT: Mos bringebæra raskt saman med sukker.

Det er ikkje nokon nyheit at mosa bringebær er godt til vaniljeis. Du treng ikkje kjøpa ferske bær, dei frosne held fint. Bringebæra skal berre så vidt rørast saman. Dette tek fem sekund og kan gjerast i god tid på førehand.

Og så var det C-momentet til retten: Karamellisering av nypoppa, salt popkorn. Dette kan også gjerast dagen før, eller tidlegare på dagen, viss du vil sparka ut alle dessertporsjonane på rekordtid.

Har du blå tallerkenar, blir det skikkeleg hurrastemning med raudt, kvitt og blått. Uansett blir det rått godt! Gratulerer med dagen!

 

Til toppen