SMITTA PASSASJER: Hurtigbåten hadde smitta passasjer ombord.
SMITTA PASSASJER: Hurtigbåten hadde smitta passasjer ombord. (Foto: Norled/Arkiv)

Hurtigbåten har hatt koronasmitta passasjer ombord

Avgangen til Sogndal er utsett.

Sogn: Folkehelseinstituttet har varsla Norled om at ein passasjer på hurtigbåten MS Tyrving på sambandet Bergen-Rysjedalsvika er stadfesta smitta av korona, det kjem fram i ei pressemelding frå Norled.

Avgangen på båten var klokka 16:30 den 19. august.

Tyrving blei fredag ettermiddag tatt ut av trafikk for å gjennomgå desinfisering og smittevask. Den planlagte avgangen klokka 16:30 fra Bergen og Sogndal er difor utsatt inntil vidare, og Norled arbeider med å få eit anna fartøy på plass.

39 passasjerar ombord

På den aktuelle ruta var det 39 passasjerar med frå Bergen, i tillegg til eit mannskap på fire personar. I Rysjedalsvika gjekk 12 passasjerar av, medan seks kom på.

Norled bistår offentlege myndigheiter med passasjerlister og i arbeidet med smittesporing. I samråd med helsemyndigheiter vil det bli vurdert om Norled-tilsette som var ombord skal testast for smitte.

Til toppen