BRANN NED: Huset i Austreimslia på Kyrkjebø kunne ikkje reddast då det byrja brenne natt til første nyttårsdag.
BRANN NED: Huset i Austreimslia på Kyrkjebø kunne ikkje reddast då det byrja brenne natt til første nyttårsdag. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Hus totalskadd i brann på Kyrkjebø

Eit hus på Kyrkjebø er totalskadd etter at det byrja å brenne i natt.

Kyrkjebø: Klokka 03.08 vart det meldt om brann i eit hus på Kyrkjebø i Austreimslia. Det skal ikkje ha vore personar til stades i huset då det byrja å brenne, melder Vest Politidistrikt. 

På grunn av mykje vind på staden og fare for spredning vart nabohus og fleire hestar i eit fjøs i nærleiken evakuerte, ifølgje Vest politidistrikt. 

Klokka 04.32 vart det meldt at huset ikkje kan reddast og kjem til å brenne heilt ned. Dei evakuerte vart samla på Kyrkjebø skule. 

Hindra spreiing

Brannen er onsdag morgon sløkt og dei største styrkane frå brannvesenet har reist heim att. Nokre få er att og driv etterslukking, ifølgje vakthavande ved Alarmsentralen i Florø, Oddbjørn Aune. I tillegg til mannskap frå Høyanger, vart det kalt ut mannskap frå Vadheim og Sande. 

Huset låg kring 15 meter frå næraste hus. Fordi huset allereie stod i full fyr, konsentrerte brannvesenet seg om å hindre spreiing. 

Var éin person i huset

Naboane som vart evakuerte har onsdag morgon fått reise heim att, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt. 

Politiet meldte først at det ikkje var nokon til stades i huset då det byrja brenne, men det skal ha vore éin person der som kom seg ut av huset i god tid. Ingen vart skadde i brannen. 

Brannen vil verte etterforska vidare for å finne årsaka. Det vil bli gjort tekniske undersøkingar og avhøyr av dei involverte, ifølgje Algerøy. Truleg vil undersøkingane starte i morgon.

Til toppen