HVL (2)
HVL (2)

HVL etablerer to nye masterprogram for lærarar

Høgskulen på Vestlandet (HVL) utvidar vidare- og etterutdanningstilbodet til lærarar og andre tilsette i utdanningssektoren.

Sogndal: Frå januar 2021 tar HVL opp studentar i Sogndal, Bergen og på Stord til to nye samlingsbaserte masterprogram, skriv HVL i ei pressemelding. 

Dei nye programma er tilrettelagt for lærarar eller andre i utdanningssektoren som er i jobb. Slik kan dei få same kompetansenivå som dei nyutdanna lærarane, som i dag har mastergrad.

– Om to år kjem alle nye lærarar ut med mastergrad, etter at lærarutdanninga i 2017 blei femårig. Me reknar med at mange som har jobba lenge i skulen ynskjer same kompetanse, og etablerer derfor to samlingsbaserte mastertilbod, seier prodekan for utdanning ved Fakultet for lærarutdanning- kultur og idrett, Gunn Haraldseid.

Tilrettelagt for personar i jobb

Dei to masterprogramma er Didaktiske praksisar og Praktisk utdanningsvitskap, og blir tilbode ved campusane Sogndal, Stord og Bergen. Sidan tilbodet er på deltid, går studentane i utgangspunktet gjennom mastergraden over fire år. Det er planlagt to-tre fysiske samlingar i semesteret, ved sidan av nettbaserte samlingar.

– Master i didaktiske praksisar skal styrke fagkompetansen i grunnskulen. Det har vore ei politisk vilje til å styrke lærarane sin kompetanse innfanfor faga dei underviser i. Denne mastergraden bidrar til det, og førebels tilbyr vi fordjuping i matematikk, kroppsøving, samfunnsfag, religion og mat og helse. Det vil bli fleire på sikt, sa studieprogramansvarleg Bente Opheim Brathetland i pressemeldinga.

Den andre mastergraden, master i praktisk utdanningsvitskap, rettar seg mot tilsette i heile utdanningsssektoren. Graden er relevant både for grunnskule- og barnehagelærarar, men òg for leiarar, tilsette i vidaregåande skule og andre pedagogiske institusjonar.

– Desse to masterprogramma erstattar nokre av dei tidlegare vidare- og etterutdanningstilboda, slik som IKT i læring ved campus Stord og spesialpedagogikk ved campus Sogndal. Alle dei tre lærarutdanningane ved Bergen, Stord og Sogndal har me jobba for å samkøyre etter at Høgskulen på Vestlandet blei etablert i 2017, seier studieprogramansvarleg for Praktisk utdanningsvitskap, Svein Ove Lysne.

Styrker tilbodet

Prodekan Gunn Haraldseid meiner at dei to nye masterprogramma er eit resultat av godt samarbeid mellom dei tre campusane.

– Fusjonen har styrka tilbodet gjennom sterkare og meir robuste fagmiljø. I tillegg til fusjonen har overgangen til femårig lærarutdanning og generelt høgare krav til lærarar i skulane ført til omlegging av studietilbodet. No håpar vi at det nye mastertilbodet vil dekke noko av behovet, både for den enkelte og for kommunane, sa Haraldseid.

– Utviklar i samarbeid med arbeidslivet

Det er allereie mange lærarar og andre med undervisningsoppgåver frå heile landet som søker master og vidareutdanning ved HVL. No samlar høgskulen ressursane frå campusane og oppretter breiare masterprogram, som også tar omsyn til spesialiseringa den enkelte student har behov for.

– Det kjem heile tida nye krav til lærarar, og me ynskjer å etablere studietilbod som er i tråd med det skulane der ute etterspør. Det er ei brei semje om at det er behov for livslang læring i samfunnet, og dette er eit døme på at HVL følger akkurat den oppmodinga, sa Haraldseid i pressemeldinga.

Søknadsfrist for dei to masterprogramma er 15. oktober, og studiestart blir i januar 2021.

Til toppen