HVL: Berit Rokne og Gro Anita Fonnes Flaten.
HVL: Berit Rokne og Gro Anita Fonnes Flaten.

HVL-styret løyver inntil 50 millionar til universitetssatsinga

Høgskulen på Vestlandet har universitetsstatus som sitt viktigaste mål dei nærmaste åra.

Sogndal: Torsdag 30. april løyvde høgskulestyret inntil 50 millionar kroner til universitetssatsinga.

Pengane kjem frå høgskulen sin verksemdkapital, som totalt er på 85 millionar kroner. Det skriv Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding.

HVL har hatt ein auke i publisering og eksternfinansiering det siste året, men ligg framleis bak dei «nye» universiteta som OsloMet, USN, Nord og UiA.

For å nå målet om universitetsstatus innan 2023, har HVL difor fått inntil 50 millionar av verksemdkapitalen, for å setje i verk tiltak i fakulteta.

Må tilfredsstilla 13 krav for å bli universitet

Midlane blir brukt i perioden 2020-2023, spesielt til å få opp publiseringspoeng per tilsett og eksternfinansiering frå EU. Totalt er det 13 krav HVL må tilfredsstille for å kunne bli universitet, og HVL oppfyller allereie mange av krava som høgskule.

– På mange måtar er me allereie eit universitet, og det er lite eller ingenting som skil dei gode fagmiljøa våre frå andre ved tilsvarande institusjonar. Med universitetsstatus skal vi arbeide for å bli endå betre på forsking og utdanning, til fordel for studentane våre og for samfunnet rundt oss, seier prorektor for forsking, Gro Anita Fonnes Flaten.

Rektor Berit Rokne er glad for at styret godkjente forslaget.

– Me investerer i noko som skal komme HVL til gode på sikt. Dette skal bygge kompetanse for fagmiljøa våre, som omgjevnadane våre igjen vil få fordelar av.

– Me skal bli eit universitet som er tett på samfunns- og næringsliv, og tett på praksisfeltet. HVL tilbyr ein breidde av profesjonsutdanningar og våre ferdige kandidatar skal utøve kunnskapsbasert praksis inn mot velferdsstatens yrke.

Difor er ei satsing på forsking- og utviklingsarbeid viktig, seier Rokne.

 

 

Dei tre hovudtiltaka som styret løyvde 30. april:

  • Post.doc.-stillingar som kan gi HVL høve til å halde på eigne særlege dyktige doktorgradskandidatar, og til å tiltrekke seg dynamiske fagpersonar utanfrå. Kostnad: ca. 2,2 millionar per toårige stilling.
  • Internasjonale professor II-stillingar som gir fagmiljøa høve til å styrke seg med tanke på internasjonale nettverk. Kostnad: ca. 1,2 millionar per treårige 20-prosentstilling.
  • Tilskot til EU-søknadsarbeid. Kostnad: ca. 2 millionar per år fram til søknadstidspunktet.
Til toppen