Aurland: Med 41 passasjerar og eit mannskap på seks om bord slutta alt utstyr om bord på turistfartøyet «Vision of The Fjords» å virke søndag, skriv NRK.
Fartøyet har sidan lege til kai i Flåm slik at ein kunne finne feilen å reparere båten. Båten gjekk i åtte knop då alt slokna.
Feilen viste seg å vere på ei pumpe og ein ventil på styresystemet. Dette er fiksa, og The Fjords ventar no på at Sjøfartsdirektoratet skal koma og godkjenne båten slik at han kan gå inn i rute att.
– Me er ganske trygge på at reparasjonane no har gjort at alt verkar som det skal, og at båten kjem i rute rimeleg fort. Kanskje alt i kveld, seier Rolf Sandvik, som er dagleg leiar i The Fjords, til NRK.