UTVALG OG HØGT SALG: Det siste året har tilbudet av hybridbilar tatt heilt av i Norge. Til høgre her er bestselgaren Mitsubishi Outlander, til venstre for den nummer to på lista, Volkswagen Golf GTE. FOTO: Lynau, Jan Petter
UTVALG OG HØGT SALG: Det siste året har tilbudet av hybridbilar tatt heilt av i Norge. Til høgre her er bestselgaren Mitsubishi Outlander, til venstre for den nummer to på lista, Volkswagen Golf GTE. FOTO: Lynau, Jan Petter

Hybridbilar har 25 prosent av marknaden

  • Endret

Dei fire første månadane i år er det i Noreg registrert 6725 personbilar med hybrid drivline som er ladbar. Dette er ein vekst på 349 prosent samanlikna med same periode i fjor, ifølgje tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken. For hybridane som ikkje er ladbare, er det òg vekst – med 4980 personbilar er auken på 35 prosent frå same periode i fjor.

Samla står hybridane no for nær 25 prosent av alle nye bilar i 2016. Det gjer at dette segmentet no er større enn elbilane, som det så langt i år er registrert 8416 av.

Årsaka til hybridsuksessen er mange nye modellar, og avgifter som gjer dei gunstige samanlikna med diesel- eller bensinbilar med tilsvarande motoreffekt. Flest nye registreringar så langt i år er det Mitsubishi Outlander som står for, med 1832 hybridar til og med april. Det vil seie at 91 prosent av alle Outlander-kundar går for modellen med to motorar.

Artikkelen held fram under biletet.

ØKER KVOTENE: Anita Svanes i Volkswagen fortel at dei har fått økt kvotene for hybridbilane fra fabrikken, grunna stor etterspurnad.
ØKER KVOTENE: Anita Svanes i Volkswagen fortel at dei har fått økt kvotene for hybridbilane fra fabrikken, grunna stor etterspurnad.

Ladbar og firehjulstrekk

Administrerande direktør Rune Gjerstad hos Mitsubishi i Norge meiner det er ein viktig årsak til at modellen sel så bra.

– Mitsubishi Outlander Plug In Hybrid er marknadens einaste ladbare SUV med firehjulstrekk, med det som kan karakteriserast som ein hyggjeleg pris. Det vil seie at marknaden har fått med seg at dette er «value for money».

Gjerstad reknar med at dei vil levere nærmare 5000 slike Outlander i år, noko som høgst sannsynleg vil gjere den til marknadens mest selde i sitt segment.

Volkswagen Golf GTE har så langt i år følgt nærmast, men den er ikkje venta å oppnå like høge tal. Informasjonssjef hos Volkswagen i Norge, Anita Svanes, seier dei regner med å levere 4000 Golf GTE i 2016. Ho meiner det er ein klar årsak til at biltypen opplever denne veksten.

Ikkje rekkjeviddangst

– Kundane ser sparinga i å velje ein teknologi som for mange gjer at dei kan køyre bilen i rein elbilmodus i det daglege og ha den ekstra rekkjevidda til dei lange turane.

Gjerstad hos Mitsubishi er samd.

– Å kunne køyre reint elektrisk på korte og mellomlange køyrelengder, samtidig med at ein ikkje trenger å uroe seg for rekkevidde, er ein kombinasjon marknaden verdset.

Han er også sikker på at ladbare hybridbilar har komne for å bli.

– Det er også slik at det tar tid å lade bilar med lang elektrisk rekkevidde. Vår ladar fullt på om lag fem timar i vanleg stikkontakt. Det er overkommeleg for dei aller fleste. Ladetider som er lengre enn dette kan vere med på å påverke ditt bruksmønster. Dei færraste ønskjer at ladetider skal påverke bruksmønsteret for bilen.

Kjem fleire nyheiter

npk
 
NY UTGAVE: Toyota lanserte nyleg ein ny generasjon Prius. Den vil komme som ladbar hybrid seinare i år. Foreløpig er den, som dei andre Toyota-hybridene, ikkje ladbar FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema

Toyota er godt representert på lista over dei mest selde hybridane. Dei skil seg frå dei andre merka ved at bilane ikkje er ladbare, sett vekk frå nokre svært få Prius.

Dei opplever at nær sagt alle kundane deira ønskjer ein hybridbil.

– Heile 85 prosent av nordmenn som bestilte ein Toyota personbil i februar, valde hybrid. Vi ser ein stor auke i hybridsalet i år, sa Espen Olsen, informasjonssjef i Toyota, tidlegare i år. Talet har halde seg i dei to månadene etterpå òg.

Det er liten grunn til å tru av marknadsdelen til hybridane vil falle så lenge avgiftene er som dei er i dag. Det kjem ei rekkje nyheiter framover som heller kan få marknadsdelen til å stige.

Til toppen