CYBERANGREP: Hydro vart natt til tysdag utsett for eit cyber-angrep som har påverka dei fleste IT-systema i selskapet.
CYBERANGREP: Hydro vart natt til tysdag utsett for eit cyber-angrep som har påverka dei fleste IT-systema i selskapet. (Foto: Sunniva Knutsen)

Hydro-angrepet: – Aluminiumsverka går som normalt

Tysdag morgon vart Hydro utsett for eit omfattande cyberangrep som har påverka drifta.

Årdal / Oslo: I ein oppdatering melder selskapet at dei har isolert alle anlegg og operasjonar og skifta til manuell drift og prosedyrer der det er mogleg.

Hydro opplyser òg at produksjonen av energi går som normalt. Det same gjer bauksitt- og aluminaproduksjonen, men med høgare grad av manuell drift. 

– Det er ingen indikasjon på påverknad på aluminiumverka utanfor Noreg
Remelterane går som normalt, men med høg grad av manuell drift, heiter det i meldinga. 

Dei opplever derimot utfordringar med sokalla «extruded solutions and rolled products». Der melder dei om vanskar med å kopla til produksjonssystema, og det har ført til mellombelse produksjonsstopp ved fleire anlegg. 

Jobbar for å løysa problemet

Dei opplyser òg at dei har varsla relevante myndigheiter som jobbar med å hjelpa Hydro løysa problemet. 

– Hydros hovedprioritet er å fortsette sikker drift og begrense operasjonelle og økonomiske konsekvenser. Situasjonen har ikke ført til noen sikkerhetsrelaterte hendelser, skriv selskapet. 

Til toppen