Årdal: Midla skal koma frivillige organisasjonar som har opplevd inntektssvikt, aktivitetssvikt og arrangementsvikt som følgje av Covid-19-pandemien.
– Me ynskjer med dette å bidra til å halda hjula i gong att i lokalsamfunnet, seier fabrikksjef Wenche Eldegard.
Øyremerka veldedige formål
– Det har vore ein storstilt dugnad for å hindra spreiingen av Covid-19. No som samfunnet sakte blir normalisert, startar dugnaden for å få hjula i gong att. Denne donasjonen er eit bidrag til nettopp dette, seier Eldegard.
Donasjonen er øyremerka veldedige formål og skal gå direkte til dei som treng hjelp innan idrett og kultur i lokalsamfunnet.
Skal fordelast på fleire frivillige organisasjonar
– Ein komité som består av Hydro Årdal, LO Hydro, og våre lokale tillitsvalgte samarbeider med kulturavdelingen i Årdal kommune. Dei skal hjelpa oss med vidare med disponering av midlane. Målet er at donasjonen skal fordelast på fleire frivillige organisasjonar, og at midlane raskt kjem i sirkulasjon, sier Eldegard.
– Det er gledeleg å kunne bidra til at lokale, frivillige organisasjonar får hjula i gong att etter ein krevjande periode med nærmast null inntektsgivande aktivitet, sier tillitsvalgt ved Hydro Årdal, Andreas Bakken.