Fredag presenterte Hydro Årdal eit overskot før renter og skatt på 101 millionar kroner for fjerde kvartal. Og eit samla overskot på 272 millionar kroner for heile 2020.

Hydro Årdal melder om 101 millionar kroner i overskot. I Høyanger er dei 14 millionar i pluss.
– Me ser ein styrkja marknad og etterspørselen er på veg tilbake til normalt nivå, seier fabrikksjef ved Hydro Årdal, Wenche Eldegard i ei pressemelding.