RÅKA: Hydro Årdal er òg råka av cyber-angrepet. - Situasjonen er i aller høgste grad alvorleg, seier informasjonssjef Erik Brynhildsbakken (på biletet).
RÅKA: Hydro Årdal er òg råka av cyber-angrepet. - Situasjonen er i aller høgste grad alvorleg, seier informasjonssjef Erik Brynhildsbakken (på biletet). (Foto: Arkiv / Pressefoto Hydro)

Hydro Årdal råka av cyberangrep - hackarar har kravd løysepengar 

Hydro vart natt til tysdag utsett for eit cyber-angrep som har påverka dei fleste IT-systema i selskapet.

Årdal: Hydro Årdal er òg råka, stadfestar verkssjef Wenche Eldegard. 

– Ja me er påverka og me jobbar med å stabilisera situasjonen, seier ho til Porten.no. Verkssjefen vill ikkje kommentera saka ytterlegare.

Hackarar kravde pengar

Kring klokka 13 melde NRK at hackarane bak Hydro-angrepet kravde løysepengar for å «låsa opp» datasystemet deira. På same tid utførte hackarar eit målretta angrep på brukerdatabasen til Hydro. 

Vidare skriv avisa at Nasjonalt Cybersikkerhetssenter (NorCERT) har sendt ut eit varsel til mange samarbeidspartnarar angrepet, og alle offentlege verksemder i Noreg er sett i beredskap fpr å sjå etter spredning av liknande virus. 

NorCERT skriv i varslinga at Hydro er utsett for eit løysepengevirus kalla LockerGoga. Dette gjer at alt innhaldet på datamaskina utilgjengeleg, samstundes som det foregår eit angrep mot Hydros bruker- og påloggingssystemer, eit sokalla active directiory-angrep. 

– Jeg vil ikke bekrefte at det dreier seg om et active directory-angrep, sa Håkon Bergsjø, leder for NorCERT til NRK. 

Alvorleg situasjon

I ei pressemelding frå selskapet sentralt tysdag morgon, seier dei at cyber-angrepet påverkar drifta i fleire av selskapets forretningsområde og at dei jobbar med å nøytralisere angrepet. 

Alle dei opne nettsidene til selskapet er nede. 

Informasjonssjef Erik Brynhildsbakken seier til Porten.no klokka 9 at situasjonen er vurdert som veldig alvorleg.

– Dette er eit omfattande angrep og det er klart at me tek det veldig alvorleg. Angrepet har på ulike måtar påverka dei ulike forretningsområda i Hydro, som er fem stykk som spenner seg globalt. I så måte anser me det som i aller høgste grad alvorleg. 

Jobbar med å sikra drifta

Kommunikasjonsdirektør I Hydro Halvor Molland, sa til NRK at selskapet først oppdaga forstyrringar i nettverket og opplevde problem med nokre av styringssystema. Difor har nokre av anlegga gått over til manuell drift. 

– Kva system er påverka? Korleis påverkar dette Hydro Årdal? 

– Me ønskjer ikkje å uttale oss meir spesifikt om kva systemer som er råka i angrepet, eller korleis, seier Brynhildsbakken til Porten.no. 

– Korleis jobbar de for å retta opp i situasjonen? 

– Heile vår IT-organisasjon globalt jobbar med dette spørsmålet no. Det viktigaste for oss er sjølvsagt å sikra drifta og passa på sikkerheita og sørga for at me kan koma tilbake til normal drift så snart som råd, på ein trygg og god måte. 

– Har angrepet ein økonomisk konsekvens per no? 

– Per no er det alt for tidleg å uttala seg om det. Vårt fokus er å sikra drifta og få systemet tilbake.

Ringverknader

Hydro sine aksjar er ned 2,26 prosent tysdag morgon, og er mest omsett på Oslo Børs umiddelbart etter opning, melder E24

Avisa melder òg at Hydro får hjelp frå Nasjonal sikkerthetsmyndiget (NSM), for å finna ut kor omfattande og alvorleg angrepet er. 

– Vi ble kontaktet av Hydro i dag morges og bistår selskapet i hendelseshåndtering og analyse av angrepet, sa informasjonsdirektør i NSM, Mona Strøm Arnøy. 

Til spørsmål på om dei veit kven som står bak angrepet, sa Arnøy at det er for tidleg å seie no. 

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen