Årdal: I same kvartal i 2018 gjekk Hydro Årdal 129 millionar kroner i overskot før renter og skatt, som var 44 millionar mindre enn fjerde kvartal 2017.
Fabrikksjef Wenche Eldegard seier dei økonomiske resultata er prega av høge råvarepriser og låge prisar på aluminum, men at verket i Årdal har levert godt på produksjon og drift.
Det går fram av ei pressemelding onsdag.
–Til trass for varierande aluminakvalitet over tid, så legger vi bak oss nok eit kvartal med gode produksjonstal. Me er godt i gang med straumoppkjøringsprosjektet i elektrolysen, og har nådd målet om 5000 tonn i auka produksjon årleg. Det er utfordrende å driva stabil elektrolyseproduksjon med varierande kvalitet på råstoff, og på same tid utvikla produksjonsprosessen vidare – så her gjer organisasjonen verkeleg ein god jobb, seier Eldegard.
–På karbonfabrikken har me etter ferdigstilling av utbyggings-og automatiseringsprosjekta auka produksjonen med 30,000 tonn årleg. Det er framleis noko justering som gjenstår, men me er på det produksjonsnivået me forventa, seier Eldegard.
- Les òg: Hydro Årdal hadde over 100 millionar i underskot i fjerde kvartal i fjor
- Les òg: Ho gjekk 129 millionar i pluss – men råstoffmangel utfordrar dei norske verka
Cyberangrep førte til manuell drift
Verket i Årdal vart òg, som resten av Hydro, råka av Cyberangrepet i mars. Lokalt førte det til auka manuell drift av selskapet.
– Det er bare å rose organisasjonen for den jobben som blei gjort i denne situasjonen, og det syner kor mye god driftskompetanse som ligg i denne virksomheten. Stabsfunksjonar - og spesielt IT-avdelinga har gjort ein strålande jobb i mangel på datasystemer og nettilgang, seier Eldegard.
- Les òg: Hydro Årdal råka av cyberangrep - hackarar har kravd løysepengar
- Les òg: Hydro-angrepet: – Aluminiumsverka går som normalt
Anerkjent berekraftsertifisering
Metallverket i Årdal mottok førre veke ein sertifisering frå den internasjonale bransjeorganisasjonen Aluminium Stewardship Initiative (ASI) for ansvarleg og berekraftig drift ved verket, heiter det i pressemeldinga.
ASI er den høgste internasjonalt anerkjente standarden for robust praksis innanfor miljøvern, samfunnsansvar og selskapsleiing gjennom heile livssyklusen for produksjon, bruk og resirkulering av aluminium.
– Me er stolte over å ha oppnådd ASIs kvalitetsstempel for bærekraft og ansvarlegheit. ASI-sertifiseringen er viktig i konkurransen om å både behalde og få nye kunder, seier Eldegard.