FEKK PRIS: Hydro Årdal vart tysdag tildelt prestasjonsprisen for 2018. Frå venstre Eivind Kallevik (leiar for Primærmetall), Wenche Eldegard (fabrikksjef Årdal), Hanne Hoel Pedersen (einingsleiar HMS), Ellen Jørgensen (leiar for strategic sourcing i Primærmetall).
FEKK PRIS: Hydro Årdal vart tysdag tildelt prestasjonsprisen for 2018. Frå venstre Eivind Kallevik (leiar for Primærmetall), Wenche Eldegard (fabrikksjef Årdal), Hanne Hoel Pedersen (einingsleiar HMS), Ellen Jørgensen (leiar for strategic sourcing i Primærmetall). (Foto: Norsk Hydro)

Hydro Årdal fekk prestasjonspris

Vart tidelt prestisjetung pris på Hydro si årlege leiarsamling.

Årdal: Hydro Årdal vart tysdag kveld tildelt Primærmetall i Hydro sin prestasjonspris for 2018. 

I grunngjevinga skriv juryen at selskapet har vist framifrå resultatar på drift i 2018, samt at HMS-teamet i Årdal har teke leiinga i å redusera avfall i prosessar ved verka. 

På leiarsamlinga til Primærmetall, er prisutdelinga ei storhending kvart år. Naboane i Hydro Høyanger gjorde det òg godt, og vart tildelt HMS-prisen for 2018 tysdag kveld. 

Til toppen