OVERSKOT: Hydro Årdal gjekk kan melda om eit overskot på 120 millionar i andre kvartal.
OVERSKOT: Hydro Årdal gjekk kan melda om eit overskot på 120 millionar i andre kvartal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Hydro Årdal gjekk 120 millionar i overskot i andre kvartal

Hydro Årdal kan melda om overskot på 120 millionar før renter og skatt, samt produksjonsrekord på Hydro Karbon.

Årdal: Hydro går ut av andre kvartal med eit overskot på 120 millionar korner før renter og skatt, skriv dei i ei felles pressemelding.

– Me har hatt eit godt andre kvartal, med stabil drift og svært god produksjon. Me har auka salsvolumet samanlikna med første kvartal, mykje takka vera betre produksjon i TYA-støyperiet, seier fabrikksjef Wenche Eldegard. 

Vil auke produksjonen

Hydro karbon på Årdalstangen kan melda om produksjonsrekord i andre kvartal. Jamvel vil dei auke produksjonen  endå meir med 30 tusen tonn per år. 

Noko som er innan rekkevidde, når også ovn 3 skal byggjast om til hausten, ifølgje Eldegard.

Karbonverket leverar anoder til aluminiumsproduksjonen i Øvre Årdal, samt til Hydro sine anlegg i Sunndal, Høyanger og til teknologipiloten på Karmøy.

Til toppen