PLUSS: Metallverket i Årdal gjekk i pluss i tredje kvartal, men merkar framleis dei låge metallprisane godt.,
PLUSS: Metallverket i Årdal gjekk i pluss i tredje kvartal, men merkar framleis dei låge metallprisane godt., (Foto: Øyvind Breivik/Hydro)

Hydro Årdal gjekk med overskot, men er framleis prega av låge metallprisar

Reduksjon i råvareprisane gjev ei betring i resultatet for metallverket som fekk eit overskot på 8 millionar i tredje kvartal.

Årdal: Overskotet til Hydro Årdal på 8 millionar er før renter og skatt. Låge metallprisar pregar framleis resultatet ved metallverket, men betre tilgang på råstoff etter full oppstart ved aluminaraffineriet Alunorte i Brasil har bidrege til lågare råvarekostnader. Det gjev eit betre resultat, skriv Norsk Hydro ASA i ei pressemelding.

– Det er positivt at me leverer eit overskot og at me får god og stabil kvalitet på råvara alumina til ein lågare kostnad enn me har hatt det siste året. Det er likevel utfordrande med framleis låge metallprisar, og me ser at marknaden er svekt i siste periode, seier fabrikksjef Wenche Eldegard. 

– Må gjere betringsarbeid

Fabrikksjefen seier at det er viktig å gjere godt betringsarbeid i ein tøff marknadssituasjon. 

– Stabil aluminakvalitet framover gjev oss betring på fleire produksjonsparameter og betre resultat, men me må fokusere spesielt på det me kan påverke sjølv for å optimalisere produksjon og resultat, seier Eldegard.

Fabrikksjefen meiner metallverket er gode på denne typen betringsarbeid og viser til at fabrikken held fokus på presisjon i alle arbeidsoppgaver. Med det sikrar verket at det leverer høgast mogleg tonnasje for lågast mogleg kost. 

Treng sikker straumforsyning

Det siste året har ein ny likeretter til Å1-hallen vore under utbygging. Denne er sett på straum og testa for drift med gode resultat. Investeringa på over 100 millionar har vore viktig for metallverket for å sikre straumforsyning og produksjon i elektrolyselinje, ifølgje Eldegard. 

Skal redusere utslepp

Verket arbeider også med ombygging og oppgradering av tørreinseanlegget i elektrolyselinje Å2C, som er sett i drift i haust. Så langt har resultata vore gode. 

 

 

– Det er viktig å redusere utsleppa våre så langt som det er mogleg. Me ønskjer eit anlegg som gjev størst mogleg effekt i forhold til stabil og betra reinsing av gassen frå elektrolyseprosessen. Me er i gang med vidare utgreiingar på området, seier Eldegard. 

Verket fekk tidlegare i år tildelt prestasjonsprisen for arbeidet med å redusere og gjenvinne avfall ved verket. 

 
Til toppen