UNDERSKOT: Hydro Årdal enda på eit underskot på 108 millionar kroner for fjerde kvartal i 2018. Likevel enda årsresultatet på eit samla overskot på 187 millionar.
UNDERSKOT: Hydro Årdal enda på eit underskot på 108 millionar kroner for fjerde kvartal i 2018. Likevel enda årsresultatet på eit samla overskot på 187 millionar. (Foto: Arkiv / Sunniva Knutsen)

Hydro Årdal hadde over 100 millionar i underskot i fjerde kvartal i fjor

Til trass for høge produksjonstal, har Hydro Årdal eit underskot før renter og skatt på 108 millionar kroner i fjerde kvartal 2018.

Årdal: Men årsresultatet for 2018 enda på eit samla overskot på 187 millionar før renter og skatt, opplyser Norsk Hydro i ei pressemelding torsdag. 

Resultatet er ein stor nedgang samanlikna med 2017. Då hadde Hydro i Årdal eit overskot før renter og skatt på 659 millioner kroner, 172 millionar kroner av dei i fjerde kvartal.

Fabrikksjef Wenche Eldegard seier at resultatet for fjerde kvartal er påverka av høge prisar på råstoff, først og fremst alumina. Lågare metallpriser (LME) i perioden påverka òg resultatet.

– Til trass for varierande aluminakvalitet over tid, så legg me bak oss nok eit kvartal med
gode produksjonstall. Det er utfordrende å driva stabil elektrolyseproduksjon med varierande kvalitet på råstoff – så her har organisasjonen verkeleg gjort ein strålande jobb, seier Eldegard.

Utbyggjing på karbonfabrikken

På karbonfabrikken på Årdalstangen, vart utbygging- og automatiseringsprosjekt  fullført i fjerde kvartal. 

Den siste omnen blei starta opp i november 2018. I tillegg vart utbyggingsprosjekta ferdigstilte som planlagt, ifølgje pressemeldinga. 

– Me ser resultat som forventa både innan produksjonsauke og redusert vrak. Me har hatt omfattande prosjektverksemd på karbonfabrikken i over eit år no, og me ser fram til å koma tilbake i ordinær drift, seier Eldegard.

I tillegg til utbygginga på karbonfabrikken, utførte dei òg straumoppkøyring i elektrolysa. Det har auka metallverket si emne i høve kapasitetsutnytting i anlegget. Anlegget for anodemontasje har òg blitt bygd om og tilrettelagt for å kunne handtera større anodar, heiter det i pressemeldinga. 

- I året som har gått har me investert over 430 millioner kroner i Hydro Årdal, og
oppgraderingane me har gjennomført gjer oss betre rusta for framtidig vekst. Høg
prosjektverksemdt bidreg òg positivt i lokalsamfunnet då me i stor grad nyttar lokale
leverandørar i prosjekta våre, seier Eldegard.

Lågt sjukefråvære

I 2018 var det totale sjukefårveret ved Hydro Årdal 4,6% som reknast som lågt fråvære i industrien. Eldegard seier det tyder på eit trivsel og godt arbeidsmiljø. 

– Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og me jobbar aktivt med inkluderande arbeidsliv og tilrettelegging slik at me får kollegaer raskt tilbake i arbeid. Me har òg mange lærlingar, og fagbrevandelen aukar. Dette er særs viktig då me er avhengige av den kompetansen som desse tilfører selskapet, seier ho. 

Til toppen