STERKT ÅR: Hydro Årdal kan sjå tilbake på eit sterkt 2015 med eit overskot på 420 millionar kroner. Foto: Hydro. 
STERKT ÅR: Hydro Årdal kan sjå tilbake på eit sterkt 2015 med eit overskot på 420 millionar kroner. Foto: Hydro.  (Foto: Arkiv)

Hydro Årdal kan sjå tilbake på eit sterkt år

Men utsiktene for 2016 er ikkje like positive. 

Årdal: Hydro Årdal la onsdag fram eit veldig godt årsresultat for 2015. Resultatet for fjerde kvartal viser at fabrikken gjekk med 59 millionar kroner i overskot før renter og skatt. Året sett under eitt viser rekneskapen eit tilsvarande overskot på 420 millionar kroner. 

– 2015 var eit veldig godt år for Hydro Årdal. Våre tilsette har mykje å vera stolte over for året som gjekk. No er det veldig viktig at me held fram arbeidet med å gjere oss endå meir robust, for marknadene er ikkje like gode no som dei var i første halvår i fjor, seier fabrikksjef Egil Fredriksen.

– Fjoråret starta veldig bra, men me har opplevd fallande prisar gjennom året, noko som har gitt lågare inntening mot slutten av året enn i dei første kvartala.

STOLT: Fabrikksjefen meiner dei tilsette ved Hydro Årdal har god grunn til å vere stolte av seg sjølve etter eit godt år.
STOLT: Fabrikksjefen meiner dei tilsette ved Hydro Årdal har god grunn til å vere stolte av seg sjølve etter eit godt år.

Kina ein stor konkurrent

Ei viktig årsak til prisnedgangen er at produksjonen av metall er større enn det verdsmarknaden etterspør. Spesielt Kina er ein stor konkurrent på dette området. Dei produserer no meir enn halvparten av all alumnium i verda. I fjor produserte dei omtrent to millionar tonn meir aluminium enn sin innanlandske etterspurnad. 

– Trass i at resten av verda produserer omtrent ein million tonn mindre enn sitt forbruk, har dette medført eit negativt press på prisane.

Ved utgangen av fjoråret låg aluminiumsprisen på rundt 1500 dollar per tonn på den internasjonale råvarebørsen London Metal Exchange (LME). Dette er omtrent 300 dollar lågare enn ved inngangen av 2015. 

Reknar ein med nedgangen i produkttillegga, er nedgangen større. Totalprisen er no mellom 600 og 800 dollar per tonn lågare enn ved inngangen av fjoråret, avhengig av produkttype.

Positive utsikter langt fram i tid

– Samstundes har den norske krona svekka seg med nesten 20 prosent mot amerikanske dollar, og sidan me sel i dollar og har ein stor del av våre kostnader i kroner, betyr det at me har blitt skjerma mot delar av denne prisreduksjonen, seier Fredriksen.

I næraste framtid ser dermed ikkje utsiktene positive ut, men Fredriksen trur det på lang sikt vil gå betre. Han viser mellom anna til forventningane om at etterspurnaden etter aluminium skal auke med 4-5 prosent i året fram til 2025.

– Me produserer eit metall som veks i popularitet fordi det har så mange positive eigenskapar. At metallet frå Årdal til dømes går til bilar som blir lettare og difor slepp ut mindre klimagassar, er berre eitt døme på kvifor aluminium er framtidas metall.

Nøkkeltal Hydro Årdal

Produksjon

  Totalt 2014 Hittil i år
Karbon 172 877 tonn 178 752 tonn
Elektrolyse 191 919 tonn 195 881 tonn
Støyperiproduksjon 214 179 tonn 212 493 tonn

 

Finansielle hovudtal

  Totalt 2014 Hittil i år
Driftsinntekter 3 614 mill. NOK 4 051 mill. NOK
Resultat før renter og skatt 260 mill. NOK 420 mill. NOK
LME pris alu. 3 mnd.  1852 USD 1799 USD
LME pris alu. 3 mnd. 11 507 NOK 14 

 

Personal

  Totalt 2014 Hittil i år
Bemanning 531 5,1%
     

Tryggleik

  Totalt 2014 Hittil i år
Personskader med fråver 1 0

 

Til toppen