NØGD: Wenche Eldegard ved Hydro Årdal er nøgd med at dei leverar godt i tredje kvartal.
NØGD: Wenche Eldegard ved Hydro Årdal er nøgd med at dei leverar godt i tredje kvartal. (Foto: Arkiv/Norsk Hydro )

Hydro Årdal leverar godt i tredje kvartal

Det skriv Hydro i ei pressemelding.

Årdal: Onsdag presenterte Hydro Årdal eit overskot før renter og skatt på 46 millionar kroner i tredje kvartal. Fabrikksjef Wenche Eldegard kan melda om god drift ved Hydro Årdal.

– Me legg bak oss eit kvartal med gode produksjonstal, og elektrolysen leverar produksjonsrekord i tredje kvartal til trass for ein utfordrande periode med varierande kvalitet på råstoffet alumina.

Resultat som forventa 

Me har ein veldig kompetent organisasjon som gjer at me likevel greier å halda god drift på fabrikken, og det er eg stolt av, seier Eldegard i ein kommentar til kvartalsresultatet som ble lagt fram onsdag.

TABELL: Oversikten over tredje kvartal. Bilde: Norsk Hydro

På karbonfabrikken går utbyggings- og automatiseringsprosjekta som planlagt. Ombygging av ovn 4 i fyrste halvår har gjeve resultat som forventa, og karbonfabrikken leverar som planlagt både på produksjonsauking og redusert vrak.

I tredje kvartal blei det sett ny produksjonsrekord.

– Me ser no fram til ombygging av ovn 3 i fjerde kvartal, som vil gje ein ytterlegare produksjonsauking, seier Eldegard.

Fleire tiltak iverksett for renseanlegg

Eldegard seier det er iverksatt tiltak for å redusera risikoen for utfall ved karbonanlegget sitt renseanlegg.

– Ekspertgruppa som blei etablert i sommar har identifisert og planlagt tiltak, og me gjennomfører fleire av desse no i haust.

Teknologiutvikling med SITEP

Hydro har gått aktivt inn i det nyetablerte teknologiselskapet i Årdal, SITEP (Senter for Innovasjon, Teknologi og Prosess), i samarbeid med andre lokale industribedrifter, Årdal Utvikling, Kunnskapsparken og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Teknologiutviklinga går hurtig, og det er viktig at lokalt næringsliv jobbar saman. I Årdal har me eit verdsleiande forsking- og utviklingsmiljø, og vårt mål er at SITEP skal bli brukt både av skulane og næringslivet, seier Eldegard.

Indrelid: – Me har ikkje gått i minus 

Are Indrelid ved Hydro er glad for tala dei leverar i tredje kvartal.

– Me er veldig nøgde. Me har vel det beste tredje kvartalet i historien på elektrolyse, og det seier litt om innsatsen og det me har fått til trass varierande oksidkvalitet, seier han til Porten.no.

– Det har gått rykter om at de går i minus med tanke på det som skjedde i Brasil?

– Me har ikkje gått i minus, det stemmer ikkje. Me leverer jo eit overskot på 46 millionar, men resultatet er gått ned i forhold til fjoråret utifrå råstoffkostnad. Aluminiumoksidprisen har gått veldig opp i forhold til den situasjonen som er no, svarar Indrelid. 

Til toppen