Sogndal: Tilstades på signeringa var kommunikasjonsansvarleg Are Indrelid frå Hydro Årdal og prosjektleiar Marianne Jevnaker i Vitensenteret i Sogn og Fjordane.
Som følgje av avtala har selskapa forplikta seg til å vera med i hovudprosjektet i 2019, og deretter i tre år i løpande drift.
Hydro Årdal har vore med frå byrjinga i arbeidet med å etablera eit Vitensenter i fylket, og var deltakarar i referansegruppa for for prosjektet, heiter det i meldinga.
Vil vekka interessa for realfag
Hydro ser på Vitensenteret som ein flott arena for å vekke interessa for realfag og teknologi blant dei yngste, noko som igjen vil påverka interessa for å søkja denne typen utdanning, heiter det i pressemeldinga.
Selskapet skriv at dei ventar eit akuande behov realfagkompetanse i framtida, for utvikling av ny teknologi og prosessar, og seier at det er positivt for Årdal og Høyanger dersom om ein del av den framtidige rekrutteringa kan gjerast i regionen.