AVVISER KORRUPSJON: Hydro avviser all form for korrupsjon i Tadsjikistan. I ei utgreeing seier selskapet at dei har nulltoleranse for korrupsjon. Foto: Hydro. 
AVVISER KORRUPSJON: Hydro avviser all form for korrupsjon i Tadsjikistan. I ei utgreeing seier selskapet at dei har nulltoleranse for korrupsjon. Foto: Hydro. 

Hydro avviser korrupsjon

Hydro avviser all form for korrupsjon i Tadsjikistan.

Årdal: Det skriv selskapet i ei pressemelding måndag morgon. Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) bad Hydro gi ei breiare utgreiing for sin handel i landet. Utgreiinga er måndag overlevert til departementet. 

Hovudkonklusjonen i utgreiinga er at det ikkje er funne nokon indikasjonar på at Hydro har handla i strid med gjeldande lover. 

Etter Dagens Næringsliv skreiv at Hydro hadde sikra seg billig aluminium frå Tadsjikistan i 20 år, krevde leiar i Kontrollkomiteen, Martin Kolberg (Ap), ei forklaring frå næringsminister Monica Mæland (H). 

AVVISER KORRUPSJON: Styreleiar i Hydro, Dag Mejdell, avviser all form for korrupsjon i Tadsjikistan.
AVVISER KORRUPSJON: Styreleiar i Hydro, Dag Mejdell, avviser all form for korrupsjon i Tadsjikistan.

I saka går det fram at det var presidenten og hans næraste som forhandla med selskapet om avtalane, der fortenesta skal ha gått til ukjende eigarar i skatteparadis. 

Informasjonssjef i Hydro, Halvor Molland, gjentek bodskapen til Porten.no.

– Kor sannsynleg er det at denne aluminium har vore innom metallverket i Årdal?

– Det har det heilt sikkert. Metallet som er kjøpt, er brukt på norske metallverk, seier han.

Nulltoleranse for korrupsjon

I utgreiinga som er sendt NFD i dag, og som også er signert av styreleiar Dag Mejdell, tek Hydro sterk avstand frå korrupsjon. Dei understrekar også at Hydro berre har kjøpt og seld varer til marknadsprisar og ikkje nytta eigne agentar eller mellommenn.

«Hydro har ikkje forhandla med presidenten i Tadjikistan, sjølv om me har hatt fleire møte – slik me også har med andre myndigheitspersonar i mange land der me opererer eller er involvert i handel. Hydro har heller ikkje hatt avtalar med selskap der eigarskaper ikkje har vore kjend,» heiter det i pressemeldinga.

Styreleiar Mejdell seier selskap har gjennomført interne og eksterne vurderingar av dilemma som er knytt til denne handelen.

– Mellom anna har selskapet hatt ein open dialog om forholda i Tadsjikistan med internasjonale organisasjonar som Verdsbanken, Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD), Det internasjonale pengefondet (IMF) og norske myndigheiter, seier han.

– Openheit og dialog har vore viktig for korleis me har handsama dette dilemmaet, seier konsernsjef Svein Richard Brandtzæg.

EVALUERT: Handelen i Tadsjikistan har blitt grundig evaluert heile vegen, skriv Hydro.
EVALUERT: Handelen i Tadsjikistan har blitt grundig evaluert heile vegen, skriv Hydro.

Avslutta samarbeidet

Smelteverket Talco står for meir enn ein tredjedel av eksportinntektene i Tadsjikistan. I 2008 gjekk det fram av ein IMF-rapport at landets finansdepartement ikkje hadde oversikt over kor pengestraumane til og frå smelteverket, at rekneskap ikkje var revidert og at landet gjekk glipp av viktige inntekter.

Difor beslutta Hydro i 2009, etter over 20 år med samarbeid, ikkje å inngå fleire avtalar om kjøp av metall. Det skjedde etter «gjentatte forsøk på å bidra til betringar innan transparens, helse, miljø og tryggleik i Talco», skriv dei. I 2012 vart også all kommersiell aktivitet avslutta.

– Hydros handel i Tadjikistan har blitt grundig evaluert gjennom heile vegen. Hovudkonklusjonen frå alle tidlegare gjennomgangar er at det er ingen indikasjonar på at Hydro har handla i strid med reglar eller retningslinjer, seier Mejdell.

Til toppen