BRUKAR 4 MILLIARDAR PÅ KARMØY: Onsdag annonserte Hydro at dei skal bruka 4 milliardar kroner på eit nytt testpilotanlegg på Karmøy. Foto: Jostein Viestad/Hydro.
BRUKAR 4 MILLIARDAR PÅ KARMØY: Onsdag annonserte Hydro at dei skal bruka 4 milliardar kroner på eit nytt testpilotanlegg på Karmøy. Foto: Jostein Viestad/Hydro.

Hydro brukar 4 milliardar på fullskala pilotanlegg

Ordføraren nytta moglegheita til å gi næringsministeren kortversjonen av bodskapen frå årdalssamfunnet.

Hydro skal bruka 3,9 milliardar kroner på utvikling av eit energi- og klimaeffektivt fullskapa pilotanlegg for aluminiumsproduksjon på Karmøy i Rogaland. Det blei klart onsdag. 

Enova skal bidra med 1,5 milliardar kroner av totalbeløpet, og nyhenda kjem drøye veka etter at EFTAs overvåkingsorgan ESA godkjende Enovas støtte.

– Karmøy-piloten vil bli den første investeringa i fastlandsindustrien utanom olje og gass på eit tiår. Beslutninga viser dermed vår tiltru til den norske teknologiklynga og Noregs framtidige posisjon for berekraftig produksjon av aluminium i eit globalt klimaperspektiv, seier Hydros konsernsjef Svein Richard Brandtzæg ifølgje NTB.

– Hydro vil gjennom prosjektet forsøka å redusera energiforbruket med 15 prosent per kilo aluminium produsert, samanlikna med verdsgjennomsnittet, og dermed produsera aluminium med verdas minste CO2-fotavtrykk.

Pilotfabrikken byggjer på teknologi som er skapt på verket i Årdal, og då dette vart klart for to år sidan vekte det ein voldsom reaksjon i årdalssamfunnet. Ordførar Arild Ingar Lægreid kalla det blant anna eit svik.

Klar beskjed frå Lægreid

GAV BESKJED: Ordførar Arild Ingar Lægreid gav næringsministeren ein viktig bodskap. Arkiv
GAV BESKJED: Ordførar Arild Ingar Lægreid gav næringsministeren ein viktig bodskap. Arkiv

Næringsminister Monica Mæland (H) seier dette er ein stor dag for norsk industri. Tysdag gjesta ho fabrikken i Årdal. Der fekk ho klar beskjed frå ordføraren.

– Ho fekk kortversjonen på bodskapen frå årdalssamfunnet som er at regjeringa Brundtland forhandla fram ein avtala i 1995/96 med noko som heiter foregrepet heimfall, som sikra Hydro tilgang på kraftverket i Tyin og Fortun i 50 nye år.

– Det er store mengder, og i Årdal har dei kraft. Lokalsamfunnet gjekk med på dette fordi forutsetningane som regjeringa la i avtalen var at krafta skulle brukast i Årdal og at Hydro skulle investera i Årdal. Til no har ikkje Hydro innfridd på det store, og det var min beskjed, seier han til Porten.no.

Ei endeleg beslutning for bygging av prosjektet er avhengig av at Hydro klarar å sikra det Brandtzæg kallar ei robust kraftløysing for teknologipiloten. Han håpar å kunne ha avklart tidleg neste år. Mogleg oppstart er planlagt tidlegast i andre halvår i 2017, og den årlege produksjonskapasiteten skal vera på om lag 75.000 tonn.

Optimisme likevel

KARBONFABRIKKEN: Fabrikksjef Egil Fredriksen seier det viktige no er å sikre framtida til karbonfabrikken.
KARBONFABRIKKEN: Fabrikksjef Egil Fredriksen seier det viktige no er å sikre framtida til karbonfabrikken.

I Årdal er ein ny elektrolysehall sterkt ønskja, men karbonprosjektet på Årdalstangen er kanskje ikkje så langt unna, trur Lægreid.

– Det er jo lysare tider no, og slik eg føler det er det meir optimisme. Det som ligg nærast for Årdal er karbonprosjektet på Årdalstangen, og det oppfattar eg at Hydro-sjefen i Årdal var optimistisk til at det kjem på plass, seier han.

Onsdag la verket i Årdal fram eit svært godt resultat for 4. kvartal i 2014. På spørsmål om kva dette vil bety for eventuelle investeringar i Årdal, svarar fabrikksjef Egil Fredriksen følgjane.

– Det me må konsentrere oss om er karbonfabrikken og sikre framtida for den. Marknaden er veldig sensitiv, så det å putta meir aluminium inn i marknaden kan føra til prisras.

– Me må ikkje tenkja på slikt no. Så robust er ikkje dette. Det er marknaden som bestemmer, og det er framleis mange millionar tonn på lager rundt om i verda. 

(©NTB/Porten.no)

Til toppen