BYGGJER PILOT: Hydro har bestemt seg for å satse på eit fullskala pilotanlegg på Karmøy og investerer over fire milliardar i teknologi som er utvikla i Årdal. Foto: Jostein Viestad/Hydro.
BYGGJER PILOT: Hydro har bestemt seg for å satse på eit fullskala pilotanlegg på Karmøy og investerer over fire milliardar i teknologi som er utvikla i Årdal. Foto: Jostein Viestad/Hydro.

Hydro byggjer pilotanlegg på Karmøy

Hydro har fatta ei formell byggjebeslutning for den planlagte, fullskala teknologipiloten på Karmøy.

Med teknologi utvikla i Årdal skal piloten verifisere verdas mest klima- og energieffektive produksjon av primæraluminium. Samla kostnader for prosjektet er 4,3 milliardar kroner, der 1,6 milliardar er støtte frå Enova.

Dette skriv Hydro i ei pressemelding onsdag føremiddag.

– Etter fleire vellyka forbetringsprogram vil det vidare arbeidet for å betra for posisjon i kostnadskurva i stadig større grad vere avhengig av evnen til å styrke vår stilling som bransjeleiar på teknologi og innovasjon, seier Hydro sin konsernsjef Svein Richard Brandtzæg. 

Les også: Hydro brukar fire milliardar på fullskala pilotanlegg

Målet med pilotprosjektet er å industrialisere verdas mest klima- og energieffektive teknologi for aluminiumselektrolyse. Ambisjonen er å redusere energiforbruket med rundt 15 prosent per kilo aluminium produsert og med dei lågaste CO2-utsleppa i verda.

Dessutan er det venta at implementeringa av teknologiske spinoff-effektar på eksisterande produksjonslinjer vil betra produktiviteten i noverande primærproduksjon.

Les også: Milliardstøtte til Hydro-anlegg får grønt lys

Denne investerina er det største enkeltinvesteringa i norsk fastlandsindustri utanom olje og gass sidan Hydro utvida aluminiumsverket på Sunndalsøra mellom 2002 og 2004. 

Til toppen