ULOVLEG DUMPING: I fire år har Hydro Aluminium i Årdal dumpa det kreftframkallande materialet fiberfrax ulovleg. Foto: Hydro Aluminium.
ULOVLEG DUMPING: I fire år har Hydro Aluminium i Årdal dumpa det kreftframkallande materialet fiberfrax ulovleg. Foto: Hydro Aluminium. (Foto: Arkiv)

Hydro dumpa farleg avfall ulovleg

I fleire år har Hydro Aluminium i Årdal levert farleg avfall til eit lokalt deponi utan å ha registrert det.

Materialet det er snakk om er fiberfrax, som vert nytta til å tetta støypeformene og -rennene i støyperia for å unngå lekkasje av flytande aluminium.

Det er NRK Sogn og Fjordane som melder dette. Fiberfrax er kreftframkallande, og difor skal produktet handsamast som farleg avfall.

Det var først i 2010 at dette tok til å gleda, noko som betyr at Hydro Aluminium i Årdal har brote forskriftene dei siste ti åra. Materialet har blitt dumpa på eit lokalt deponi i Utladalen.

Det var representantar frå Miljødirektoratet og fylkesmannen som i slutten av august gjekk gjennom miljøarbeidet til verksemda.

LEGG SEG FLAT: Fabrikksjef Egil Fredriksen.
LEGG SEG FLAT: Fabrikksjef Egil Fredriksen.

– Det vi etterlyser, og som vi saknar, er ein dokumentasjon på at dette ikkje er farleg avfall. Hydro meiner dette ikkje lenger er å sjå på som farleg avfall etter ein prosess hjå dei sjølv, men me saknar ein dokumentasjon som viser dette, seier Rune Andersen i Miljødirektoratet til NRK.

Hydro har fått frist fram til 14. november å dokumentera det som har blitt gjort og å retta avvika. I mellomtida legg fabrikksjef Egil Fredriksen seg flat.

– Dette har vore ein praksis sidan 1970-talet. I 2010 kom det nye forskrifter som seier at vi ikkje skal deponere denne typen avfall slik vi har gjort, men dette har vi ikkje fått med oss her lokalt. Vi vart gjort merksame på dette i vinter. Då stoppa vi denne praksisen umiddelbart, seier han.

Til toppen