GRØNT LYS: Lokale miljøstyresmakter i Brasil meiner Hydro trygt kan ta opp att full produksjon ved aluminaraffineriet Alunorte. I desember konkluderte ei brasiliansk ekspertgruppe konkluderte med at deponiet for lagring av bauksittrestar ikkje rann over under regnskyllet i februar.
GRØNT LYS: Lokale miljøstyresmakter i Brasil meiner Hydro trygt kan ta opp att full produksjon ved aluminaraffineriet Alunorte. I desember konkluderte ei brasiliansk ekspertgruppe konkluderte med at deponiet for lagring av bauksittrestar ikkje rann over under regnskyllet i februar. (Foto: Norsk Hydro/Flickr)

Hydro eitt steg nærare full produksjon i Brasil

Det skriv Hydro i ei pressemelding onsdag.

Årdal: Lokale miljøstyresmakter i Brasil meiner det er trygt for Hydro å ta opp att normal produksjon ved aluminaraffineriet Alunorte, skriv Hydro i pressemeldinga.

– Det er ei viktig anerkjenning av at verksemda ved Alunorte er trygg. Me held fram dialogen med myndigheitene for å få ei løsning som tillet full produksjon ved Alunorte, seier John Thuestad, konserndirektør for forretningsområdet Bauksitt & Alumina.

Les òg: Hydro om konsekvensane Brasil-krisa får for Årdal

Treng framleis grønt lys frå domstolen

Alunorte er det største aluminaraffineriet i verda utenfor Kina, og er eigd av Hydro. Raffineriet forsyner mellom anna verket i Årdal med råstoffet det treng for å produsera aluminium.

Produksjonen har vore redusert sidan februar i fjor, då det var frykta at drikkevatnet til lokalbefolkninga var ureina av utslepp frå fabrikken etter eit kraftig regnvêr. Hydro har vist til fleire undersøkingar som understøttar at det ikkje har vore slike skadelege utslepp, seinast frå ei uavhengig ekspertgruppe i desember.

Sjølv om dei lokale miljøstyresmakter løftar forbodet mot full produksjon, er det ikkje fritt fram for Hydro å skru på alle brytarane ved fabrikken. Forbodet frå domstolen i Brasil gjeld framleis.

Hydro skriv i pressemeldinga at dei vil informera domstolen om avgjerda til dei lokale miljøstyresmaktene.

Til toppen