Årdal/Brasil: Tidlegare i oktober fekk Hydro grønt lys for å bruke pressfilterteknologien på det gamle deponiet, DRS1. No har dei føderale miljømyndigheitene IBAMA òg oppheva forbodet mot å bruka det nye deponiet, DRS2.
Forbodet frå den føderale domstolen gjeld framleis. Dermed kan ikkje Hydro enno ta opp att test- og driftsfasen av det nye deponiet.
– Det nye bauksittrestdeponiet er, saman med pressfilterteknologien, verdas mest moderne system for bauksittresthåndtering, seier Hydro sin EVP for Bauksitt og Alumina, John Thuestad.
– Me vil fortsetta dialogen med myndigheitene for å søka om tillatelse til å bruka det nye deponiet, ettersom dette er nøkkelen til bærekraftig drift av raffineriet.
Auka tryggleik
DRS2 er spesialbygd for å lagra bauksittrestar som er behandla av pressfiltera. Den moderne pressfiltreteknologien reduserar fuktigheit i avfallsmaterialet, slik at det kan bli lagra tørrare og ta mindre plass.
Hydro seier at dette vil føra til betra miljøfotavtrykk på lagerområdet, samt auka tryggleik.
Usikkert når det vil starta opp
– På lenger sikt representerar det nye deponiet og pressfilterteknologien den einaste bærekraftige løysingen for Alnorte, seier Thustad.
Tidspunktet for når forbodet som begrensar Alunorte sin produksjon til 50% av full kapasitet, kan opphevast, er fortsatt usikkert.