Årdal: Offentleggjeringa blei feira med ei intern markering i Øvre Årdal som blei avslutta ved å heisa flagget med selskapet sitt nye logo utanfor hovudinngangen.
Profilen er designa av selskapet Snøhetta, og dei har valt å halda på det karakteristiske seglet i logoen. Denne skal reflektere den norske arven og kontinuitet i drifta til selskapet.
– Verdiane til hydro vil ikkje endra seg sjølv om Hydro no har fått ein ny visuell identitet, seier Korsernsjef Svein Richard Brandstzæg.
Les òg: Tidlegare Hydro-tilsett meiner gassen på Årdalstangen er skadeleg – Hydro er ueinig
Verdiane vil ikkje endra seg
Bakgrunnen for den visuelle endringa til Hydro er oppkjøpet av Sapa. I pressemeldinga vert det skildra som eit skritt vidare for Hydro som global leverandør av aluminiumsløysingar.
Endringa av den visuelle identiteten skal reflektera desse endringane i selskapet, ifølgje pressemeldinga.
– Ambisjonen til Hydro er å bli betre, større og grønnare ved å heile tida forbetra eksisterande verksemd. Oppkjøpet av Sapa representerer eit stort steg vidare på alle område. Det gjer det òg naudsynt med omprofilering.
– Dette markerer starten på eit nytt kapittel for oss, seier Brandstzæg.
Les òg: Ho gjekk 129 millionar i pluss – men råstoffmangel utfordrar dei norske verka