STUDIETUR: På søndag ein gjeng studentar frå NTNU på besøk til Hydro for å læra meir om kva bedrifta driver med. Foto: Norsk Hydro ASA. 
STUDIETUR: På søndag ein gjeng studentar frå NTNU på besøk til Hydro for å læra meir om kva bedrifta driver med. Foto: Norsk Hydro ASA. 

Hydro får besøk av studentar frå NTNU

For fjerde året på rad besøkjer studentar frå Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU) Hydro i Årdal for å sjå korleis teknologien fungera i praksis.  

Årdal: Søndag til tysdag skal 11 studentar frå NTNU på bedriftsbesøk på Hydro i Årdal for å sjå korleis teknologien dei har lært om fungera i praksis. 

Les også: Hydro og NTNU samarbeidar om nye produkt

– Alle som deltek syns det er kjempe morosamt å vera med på opplegget. Arbeidarane får treffa studentar og syna fram kva dei driver med, noko dei syns er artig, seier Hogne Linga, som leia prosjektet for Hydro. 

Springbrett til fast jobb

Mange av dei som jobbar på Hydro i Årdal i dag, har fartstid frå NTNU. 

– I tillegg til undervisningsdelen i Trondheim, får studentane eit viktig innblikk i kva me driver med. Dei får ein omvisning der dei får sjå teknologien i praksis. Studentane som kjem tek fag innan materiale, teknologi og kjemi og har forskjellig bakgrunn. Dei fleste har teke karbon-faga på universitetet og dette blir sett i samanheng med aluminiumproduksjonen, seier Linga. 

Hydro spanderar både overnatting og middag for studentane. Tysdagen vert det arrangert felles lunsj på Klingenberg Hotell med både tilsette frå Hydro og studentane. 

Får sett litt av kvart

Studentane får blant anna sjå kva som føregår i laboratoriumet og i dei ulike elektrolyseavdelingane. 

– Me har hatt eit mangeårig samarbeid med NTNU og synfaringa på anlegget er ein naturleg del av dette opplegget. Så håpar me sjølvsagt på å få rekruttera studentane til Hydro for å få dei rette kandidatane til jobbe. Då er det viktig å gi dei innsyn i kva me driver med, seier Linga. 

Dei besøkjande har lært teorien bak karbonteknologien, men få har sett med eigne auge korleis den fungera. Kunnskapsutvekslinga mellom Hydro og universitetet er noko dei kjem til å satsa sterkare på i framtida. Hydro annonserte nyleg at dei skal oppretta eit femårig gåveprofessorat til NTNU, verdt inntil 10 millionar kroner. 

Til toppen