Brasil/Årdal: Onsdag meldte Hydro at dei ville stogga heile drifta i Brasil, både aluminaraffineriet Alunorte, bauksittgruvene Paragominas og smelteverket Albras.
Årsaka var at det eldre rødslamdeponiet (DRS1) i Alunorte var fullt. Samtidig hadde Hydro fått forbod mot å bruka eit nytt og moderne rødslamdeponi (DRS2) og ein ny pressfilter-teknologi for å prosessera bauksittrestar.
Fredag godkjente IBAMA, dei føderale miljømyndigheitene, at Hydro kunne bruka pressfilteret. Dette vil forlenga levetida til det eldre deponiet og hindra full nedstenging.
– IBAMA har gitt oss tillatelse til å gjenoppta drifta, men vi treng fortsatt ei endeleg delstatsgodkjenning. Der har vi ein løpende dialog, og vi håpar på godkjenning så fort som mogleg, seier informasjonsdirektør Halvor Molland i Norsk Hydro til E24.
- Les òg: Hydro om konsekvensane i Brasil
Jobbar for å få opp att full produksjon
Basert på IBAMA’s beslutning, vil Alunorte no jobbe med SEMAS, den statlege miljømyndigheita i Para, for å få tillatelse til å bruka pressfilteret også på det nye deponiet.
Pressfilteret skal gje meir stabile restar med betydeleg mindre vassinnhald enn trommelfilteret. Etter å ha motteke denne tillatelsen, vil Alunorte vera i stand til å ta opp att produksjon til 50% kapasitet.
– Me er budde på å starta opp att drifta og takkar for all støtta me har fått frå myndigheitene og i lokalsamfunnet. Me gjer no alt me kan for å koma tilbake i produksjon, samstundes som me held fram dialogen med myndigheitene for å ta opp att full produksjon, seier John Thuestad, leiar for Hydro sitt forretningsområde Bauksitt og Alumina.
Thuestad legg til at å ta opp att 50 % produksjon ved Alunorte òg vil gjera det mogleg for Hydro si bauksittgruve Paragominas, og deleigde aluminiumverk Albras, å halda fram drifta på halv kapasitet, framanfor å stenge ned heilt som følgje av full nedstengning ved Alunorte.