STØRST I VERDA: Alunorte er det største aluminaraffineriet i verda, og leverer mellom anna råstoffet Hydro i Årdal treng for å produsera aluminium.
STØRST I VERDA: Alunorte er det største aluminaraffineriet i verda, og leverer mellom anna råstoffet Hydro i Årdal treng for å produsera aluminium. (Foto: Norsk Hydro/Flickr)

Hydro får grønt lys i Brasil – forsyninga av aluminium-råstoff til Årdal er sikra

Fem dagar etter sjokkbeskjeden kom gladmeldinga.

Årdal: Hydro sitt aluminaraffineri i Brasil, Alunorte, fekk måndag løyve frå dei lokale miljøstyresmaktene til å starta opp att produksjonen, om enn for halv maskin og under tilsyn.

– Dette er ei særs ønska utvikling, som sikrar tusenvis av arbeidsplassar i Pará, så vel som leveranser til våre globale kundar og marknader, seier konserndirektør John Thuestad i Hydro i ei pressemelding tysdag.

Råstoffkrisa i Brasil

  • Alunorte er verdas største aluminaraffineri, og er eigd av Hydro. Alumina, eller aluminiumoksid, er eit viktig råstoff i framstillinga av alumiminium.
  • Hydro har sidan februar i år vore i konflikt med miljøstyresmaktene i Brasil. Dei påstår at utslepp frå deponia til raffineriet skal ha forureina drikkevatn i samband med ein stor flaum i regionen.
  • Hydro meiner undersøkingar viser at det ikkje har vore slike skadelege utslepp.
  • Sidan mars i år har Alunorte produsert for halv maskin, etter pålegg frå brasilianske miljøstyresmakter.
  • Onsdag 3. oktober annonserte Hydro at dei er i ferd med å setta i verk full nedstenging av produksjonen ved Alunorte. Årsaka var at dei ikkje har fått løyve til å bruka eit nytt deponi for lagring av bauksittrestar, medan det gamle er i ferd med å bli fullt.
  • Måndag 8. oktober fekk Hydro løyve til å ta i bruk ein ny pressfilterteknologi, som gjer at dei kan halda fram å lagra bauksittrestar i det gamle deponiet, medan dei ventar på å lov til få bruka det nye.

Nyheita kjem dagen etter at dei føderale miljøstyresmaktene i delstaten Pará gav Hydro lov til å bruka den nye pressfilter-teknologien selskapet har utvikla for å prosessera bauksittrestar før lagring.

Krisa avverga

At aluminaproduksjonen i Brasil startar opp att er òg gode nyheiter for Årdal. Der har dei tillitsvalde på aluminiumsverket frykta at dei kunne gå tom for det essensielle råstoffet om få månader.

Det er ei knapp veke sidan Hydro overraska alle då dei vedtok å stenga ned det som er verdas største aluminaraffineri

I verste fall kunne heile fabrikken ha blitt tvunga å stenga ned, noko som ville ha kosta milliardar den dagen produksjonen skulle ha starta opp att. Hydro sette i verk ein kriseplan for å hindra at det skulle skje.

No kan alle som er avhengige av råstoffet pusta letta ut.

Samstundes melder Hydro at dei held fram dialogen med alle relevante styresmakter for å bringa raffineriet tilbake til full produksjon og normalisera drifta i Brasil.

NÆR FULL KAPASITET: På dette deponiet lagrar Hydro bauksittrestar, eit avfall som blir att etter produksjonen av alumina. Foto: Norsk Hydro/Flickr
Til toppen