SATSAR PÅ ÅRDØLER: Hydro er ute etter den beste kompetansen dei kan få, men dersom det er ein årdøl, er det ein bonus, seier Tone Mæle. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SATSAR PÅ ÅRDØLER: Hydro er ute etter den beste kompetansen dei kan få, men dersom det er ein årdøl, er det ein bonus, seier Tone Mæle. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Hydro håpar å lokka til seg utflytta årdøler

Hydro er ute etter den beste kompetansen dei kan få, og dersom det er ein utflytt årdøl eller andre sogningar som sit på den kompetansen, er det ein bonus.

Det seier personalsjef ved Årdal Metallverk Kari Bjørg Måren og administrativ leiar ved Teknologisenteret, Tone Mæle til Porten.no.

Etter år med lite rekruttering, har Teknologisenteret og Metallverket byrja å rekruttera igjen. 

– Stillingane som no er annonserte, gir moglegheiter til å jobbe med noko av det mest spennande innan industrien i Noreg. Her kan ein vera med på å utvikla teknologi som skal føra Hydro vidare inn i framtida, fortel Mæle til Porten no. 

Hydro satsar sterkt på teknologi og teknologiutvikling.

– Hydro har sett seg som mål å vera klimanøytral innan 2020 og Teknologisenteret utviklar teknologi som fører til redusert energiforbruk og utslepp, seier ho.

– Me har ein aldersprofil som gjer at me treng å rekruttera ein ny generasjon ingeniørar dei neste ti åra, og me søker etter folk fordi Hydro har stort fokus på teknologiutvikling. 

Ordføraren er positiv

Dersom dei rette folka melder seg, kan dei tilsetja så mange som fire ingeniørar på Teknologisenteret. I tillegg søker Metallverket etter ein sivilingeniør.

Dette synes ordførar i Årdal kommune Arild Ingar Lægreid er positivt. 

– Det tykkjer eg er positivt. Slik eg har oppfatta det har dei vore inne i ein effektiviseringsperiode og finanskrise der kutt har vore naudsynt. Marknaden er no på veg opp att, og det kan bli lysare tider for industrien.

– Det er eit voldsomt positivt signal. Hydrobedrifta er ein viktig pilar i årdalssamfunnet, og det skal me ha med oss vidare. Det går jo i bølgjedalar dette, og no har me hatt ein lang nedtur med finanskrisa, seier han.

– Eg veit ikkje, men eg har oppfatta på leiinga i Hydro at det er på ein sakte opptur, der dei må tilsetja att og at det på sikt kan ha ringverknader på bedriftene rundt Hydro. 

Vil lokka utflytta årdøler tilbake

I Årdal er tendensen at unge må flytta vekk og sjeldan kjem tilbake fordi det ikkje er arbeid til dei, men no håpar Hydro at desse stillingane kan lokka utflytta årdøler tilbake.

– Me er ute etter dei beste kandidatane, og viss me finn sogningar som vil flytta tilbake, er det veldig fint. Me er eit internasjonalt miljø, og me har faktisk ikkje så mange ingeniørar frå Årdal som jobbar hjå oss, seier dei begge.

– Kvifor er dette positivt for årdalssamfunnet?

– I aller største grad bør innbyggjarane sjå positivt på dette. Det er positivt fordi det er moglegheiter for sogningar å flytta tilbake, og det vil komma nye innbyggjarar til bygda, held ho fram før Måren legg til.

– Eg tenker at det er positivt å få tilbake utflytta årdøler, men òg andre for å få meir mangfald. 

Betyr dette at det vert satsa?

– Hydro er eit teknologisk leiande aluminiumsselskap. Me hadde ikkje lyst ut desse stillingane viss det ikkje skulle satsast vidare på teknologi og teknologiutvikling i Hydro. Me har eit innovativt og sterkt teknologimiljø som me ønsker å styrka ytterlegare, fortel Mæle.

– Metallverket jobbar med å få ei modernisering av Karbonfabrikken. Me har investert i støyperiet, noko som gir oss ein ny type støypeteknologi, som gjer at me kan støypa meir avanserte produkt for nye kundar, legg Måren til.

Lægreid har trua på at Hydro kjem til å satsa i Årdal.

– Det har eg alltid trua på. Det næraste prosjektet eg kjenner til er utviding og modernisering av karbonanlegget på Årdalstangen, og det håpar eg kjem om ikkje altfor lenge.

Til toppen