CYBERANGREP: Hydro vart  tysdag råka av eit cyberangrep. No melder selskapet at dei har funne årsaka og jobbar med å løysa problemet.
CYBERANGREP: Hydro vart tysdag råka av eit cyberangrep. No melder selskapet at dei har funne årsaka og jobbar med å løysa problemet. (Foto: Sunniva Knutsen)

Hydro har funne årsaka til cyberangrepet

Hydro har saman med ekstern støtte funne årsaka til cyberangrepet, og jobbar no med å finna ut korleis dei skal starta opp IT- systemet.

Årdal: – Det er mellombels ikkje klart kor lang tid det kan ta å gjenoppretta stabil IT-drift, skriv selskapet i ei pressemelding. 

Hydro melder om framdrift innan sikring av stabil drift i selskapet etter det omfattande cyberangrepet tysdag, som hadde påverka alle IT-systema på det globale nettverket. 

Selskapet legg vekt på at huvdprioriteten framleis er å sikra sikker drift og begrensa driftsmessige og finansielle konsekvensar.

– Eg er glad for å sjå at me gjer framgang, og eg er imponert over korleis kolleger over heile verda jobbar døgnet rundt for å løyse denne krevjande situasjonen og sikra trygg og forsvarleg drift, seier Hydros finansdirektør Eivind Kallevik og takkar støtta frå dei eksterne partnarane som bistår i å løysa problemet. 

Meir manuell drift

Hydro fortel at drifta stort sett går som normalt, men at det er noko meir manuell drift enn vanleg.

Innan energi, bauksitt og alumina går produksjonen som normalt. Innan produksjon av primærmetall er det meir manuell drift.

Dei har problemer med å kopla til produksjonssystema innan "rolled products" og "extruded solutions". Dette har ført til mellombelse produksjonsstopp ved nokre anlegg. 

Til toppen