HELDT MØTE: Hydro og fabrikksjef Wenche Eldegard heldt informasjonsmøte om utsleppa på Årdalstangen.
HELDT MØTE: Hydro og fabrikksjef Wenche Eldegard heldt informasjonsmøte om utsleppa på Årdalstangen. (Foto: Are Indrelid )

Hydro inviterte til møte om utsleppa på Årdalstangen: – Me har funne nokre svakheitar på sylinderar

Onsdagskveld informerte fabrikksjef, Wenche Eldegard, om renseanlegget til Hydro på Årdalstangen.

Årdal: – Me kalla inn til møte for å gje fakta i saka, informera om kva me jobbar med, og kva tiltak me har fått på plass, seier Eldegard.

I sommar har det vore ein del trøbbel med renseanlegget på Årdalstangen, noko som har ført til svovelutslepp over bygda. Dette har fleire av innbyggjarane reagert på. 

– No fekk folk stilla oss spørsmål og koma med det dei lurer på. Me ynskjer å vera opne, og vil dela den informasjonen me har, seier Eldegard.

Har gjort forbetringar 

Ho har tidlegare lova at det skal bli betre, og stadfestar at dei har gjort ein del forbetringar til no. 

NØGD: Fabrikksjef Wenche Eldegard var nøgd etter infomøtet Hydro hadde på Årdalstangen. Foto: Norsk Hydro

– Me har funne nokre svakheitar på sylinderar, og sett inn ei ekspertgruppe med kompetanse både frå Hydro og leverandør. Dei går gjennom alt for å sjå kva forbetringar me bør gjera.

Rapporten frå dei kjem i september.

– Den rapporten er ikkje heilt klar enno. På møtet gjekk me gjennom utfalla, og det blir gjort nokre endringar på styresystemet til renseanlegget, seier Eldegard. 

Stadfestar at røyken ikkje er skadeleg

Bygdefolket som møtte opp på møtet var opptekne av dei same tinga.

– Dei var opptekne av tiltaka me gjer, og spesielt opptekne av røyken og om den er farleg. 

Det avkreftar Eldegard at den er. 

– Me meiner jo at den røyken i dei mengdene og i den perioden ikkje er helsefarleg. Me har sendt alt over til NILU, Norsk institutt for luftforskning, og dei støttar resonnementet vårt.

Føler kvelden sitt møte har nøsta bra opp

Fabrikksjefen er nøgd med kvelden sitt møte, og tykte det var gode spørsmål frå dei som var der.

– Me har fått positive tilbakemeldingar både på at me held møte, og dei tiltaka me har sett i verk. Eg håpar folk føler me tek dette på alvor og at me har tillit hjå dei, seier Eldegard.

Det er Are Indrelid ved Hydro samd i.

– Dei har tillit til at me tek dette på alvor. Me har gjort mykje allereie, og me skal gjera mykje meir, seier han.

Eldegard trur òg det er viktig at Hydro vidare delar dei planane dei har med bygdefolket.

– Difor inviterer me til eit nytt møte når det nærmar seg jul. Då vil me oppdatera dei på tiltaka me har utført. 

Til toppen