Høyanger: Hydro Høyanger vart tysdag kveld tildelt Primærmetall i Hydro sin HMS-pris for 2018.
I grunngjevinga bak prisen skriv juryen at Hydro Høyanger har demonstrert eineståande forbetringar og resultatar innanfor helse, miljø og sikkerheit. Høyanger er det minste aluminiumverket i Hydro, men oppnår store resultat, heiter det.
Høyanger nyttar dei sokalla Aluminium Metal Business Systems (AMBS) prinsippene for å betra alle områder innanfor HMS. Heile staben er engasjert i eit initiativ for å redusera risiko og betre HMS-ytelsane.
Onsdag kan selskapet stikke av med endå ein gjev pris, då dei er nominert til tilsvarande pris på leiarsamlinga for heile Hydro.