I PLUSS: Hydro Høyanger gjekk med overskot i tredje kvartal.
I PLUSS: Hydro Høyanger gjekk med overskot i tredje kvartal.

Hydro Høyanger gjekk med overskot

Metallverket gjekk 19 millionar i overskot i tredje kvartal på grunn av moderate betringar i råvarekostnader og metallprisar.

Høyanger: Overskotet for Hydro Høyanger på 19 millionar i tredje kvartal er før renter og skatt, og kan tilskrivast moderate betringar i råvarekostnader og metallprisar. Produsksjonen og drifta ved verket i Høyanger ligg på eit stabilt nivå, skriv Norsk Hydro ASA i ei pressemelding.

At aluminaraffineriet Alunorte i Brasil er nærare full drift igjen gjev betre vilkår for elektrolyseproduksjonen ved verket i Høyanger, sidan aluminaen frå Alunorte er den føretrekte. 

– Varierande aluminakvalitet har vore krevjande for elektrolyseorganisasjonen, men med den store innsatsen deira leverer verket likevel eit positivt resultat i tredje kvartal, seier konstituert fabrikksjef Ann Øygård. 

Aukar verdi av avfallstraumar

Hydro Høyanger har også motteke to prisar for helse-, miljø-, og tryggleiksarbeid (HMS) arbeid i år, blant anna den for heile Hydro-organisasjonen. 

Prisane gjev ekstra motivasjon til å halde fram det gode HMS-arbeidet, seier Øygård. 

Verket aukar også verdien av avfallsstraumar frå produksjonen ved at sorteringa har blitt betre. Dette har gjeve meir resirkulering og mindre deponimassar frå fabrikken, særleg karbonmassar frå elektrolysen. 

Framover vil verket fokusere meir på sortering av metallstraumar som kan gje reduserte kostnader med prosessering og frakt. 

Auka kostnader

Hydro Høyanger kan derimot få auka kostnader med nettleige framover dersom nettanlegg i regionen vert omklassifiserte frå transmisjonsnett til distribusjonsnett. Saka er no til handsaming hos styresmaktene. 

Statnett har i tillegg vedteke å auke tariffen for kraftforedlande industri, noko som gjer at transmisjonsnettkostnadene vil gå ytterlegare opp for verket. 

 

 

 

 
Til toppen