DELER UT: Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Arne Martin Kjærland, deler ut pengar til lag og organisasjonar i kommunen i samband med koronasituasjonen.
DELER UT: Fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Arne Martin Kjærland, deler ut pengar til lag og organisasjonar i kommunen i samband med koronasituasjonen. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Hydro Høyanger gjev 400 000 kroner til lokale koronatiltak

Hydro Høyanger vil med pengane hjelpe lokale frivillige organisasjonar som har mangla inntekter på grunn av koronasituasjonen.

Høyanger: – Vi ønskjer med dette å bidra til å få hjula i gang att i lokalsamfunnet, seier fabrikksjef ved Hydro Høyanger, Arne Martin Kjærland i ei pressemelding. 

Hydro deler ut 400 000 kroner til lokale idretts- og kulturføremål. Ei liknande utdeling finn stad i alle vertskommunar til konsernet i Noreg. 

– Pandemien har stoppa mykje av dugnadsarbeidet som til dømes lokale idrettslag er avhengige av. Denne donasjonen kan sjåast på som dugnad for tapt dugnad slik at desse viktige aktivitetene kan bli oppretthalde, seier Kjærland. 

Pengane er øyremerka veldedige føremål og skal gå direkte til dei som treng hjelp innanfor idrett og kultur. 

– Det er kjekt å kunne bidra til at lokale organisasjonar får hjula i gang att etter ein krevjande periode, seier tillitsvald ved Hydro Høyanger, Lars Kjetil Skeie. 

Det er i dialog med kommunen sett saman ei arbeidsgruppe som skal finne mottakarar til pengane. 

– Målet er at donasjonen skal fordelast på fleire frivillige organisasjonar og at pengane kjem raskt i sirkulasjon, seier Kjærland. 

Pengane vert overrekte onsdag. 

Til toppen